Tal fødslar i Helse Førde 2024
Etter to år med relativt låge fødselstal, registrerer vi ein auke i tal fødslar i 2024. Det var i fjor 859 fødslar i Helse Førde.
Publisert 06.01.2025
Talet fødslar i Helse Førde er på veg oppover. Dersom vårt område følgjer den nasjonale trenden, kan vi forvente endå litt auke i inneverande år.
Slik har fødselstala i Helse Førde utvikla seg dei seinare åra:
2024: 859
2023: 792
2022: 802
2021: 936
2020: 826
2019: 871
2018: 863
2017: 934
2016: 891
Merk at dette gjeld talet registrerte fødslar, og at talet på fødde babyar kan avvike litt (på grunn av tvillingfødslar). Det kan også vere at kvinner som bur i Helse Førde sitt opptaksområde vel å føde ved sjukehus i andre helseføretak.