Ungdomsrådet i Helse Førde blir etablert på nytt: – Vi treng engasjerte ungdomar!
Helse Førde har starta arbeidet med å etablere ungdomsrådet på nytt. Rådet skal vere ei viktig stemme for ungdom i møte med sjukehuset og spesialisthelsetenesta. Målet er å sikre at erfaringar, idear og behov frå ungdom blir høyrde.

Illustrasjon: KI/Copilot
Vi har nyleg starta ein rekrutteringsprosess der vi ønsker å komme i kontakt med alle unge som kan vere interesserte. Dersom du, eller nokon du kjenner, har lyst å bidra med tankar om kva som er viktig for ungdom i møte med helsetenesta, så vil vi gjerne høyre frå deg. I ungdomsrådet får du høve til å påverke, lære og vere med på å skape betre løysingar som er tilpasse ungdom for framtida.
Kvifor er ungdomsrådet viktig?
Ungdomsrådet skal gi råd og innspel til Helse Førde om korleis vi kan gjere spesialisthelsetenesta meir ungdomsvenleg. Det kan vere alt frå korleis vi møter ungdom som pasient og pårørande, til språket vårt, kva varer som er til sals i kaféen og korleis vi legg tilrette for overgangen mellom barne- og vaksenavdelingar.
Vi søker ungdom mellom 13 og 26 år frå heile regionen, gjerne med eigne erfaringar frå møtet med spesialisthelsetenesta som pasient eller pårørande, eller med eit engasjement og interesse i å bidra for å gjere ting betre.