Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Varden ber styret vente med avgjerda til januar

Helse Førde-direktøren vil legge fram si tilråding til styret i desember, men ønsker meir involvering og forankring før avgjerda om dei økonomiske strukturgrepa blir tatt.

Publisert 21.11.2025
En mann som står foran et maleri
Administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden, prioriterer kvalitet og forankring framfor rask framdrift.

– I førre styremøte kommuniserte eg at det ikkje ville bli mogleg å ha ei sak klar til styret før 17. desember, men det vil bli krevjande å forankre tilrådinga godt nok til at styret kan realitetshandsame den då, seier administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden. 

Han er spesielt oppteken av å få tid til å drøfte tilrådinga med tillitsvalde og verneteneste, og vil også drøfte den oppdaterte framdriftsplanen med hovudverneombod og tillitsvalde før styremøtet den 27. november. 

I dette møtet vil arbeidet med dei økonomiske strukturtiltaka bli lagt fram som ei løypemelding frå alle prosjekta. 

Sidan styremøtet i september har fem arbeidsgrupper i Helse Førde arbeidd med å følge opp styret sitt vedtak om brei utgreiing av dei føreslegne strukturgrepa i føretaket. 

God framdrift, men komplekst arbeid

Med bakgrunn i Helse Førde sin krevjande økonomi vart det sett i gang utgreiing av følgande strukturgrep, parallelt med dei omfattande driftstiltaka Helse Førde sette i verk i vår. 

  • Samle all ortopedisk aktivitet ved Førde sentralsjukehus. Dette medfører å flytte aktiviteten i Lærdal til Førde, samt å avvikle skadepoliklinikkane i Nordfjord og Lærdal. 
  • Samle tilbodet til hudpasientar ved Lærdal sjukehus og Førde sentralsjukehus.
  • Samle barseltilbodet i kvinneklinikken ved Førde sentralsjukehus. I dette ligg det å redusere tilboda i Lærdal og Nordfjordeid til det som er lovpålagt.
  • Vurdere dei prehospitale tenestene i ambulanseområda med mål om å redusere tal ambulansestasjonar i Helse Førde.
  • Gå gjennom Helse Førde sin DPS-struktur i Førde, Sogndal og Nordfjord med mål om likeverdig tilbod til pasientane, og vurdere utvikling av FACT-team. 

Framdrifta i gruppene er god, men arbeidet har vore krevjande og komplekst. Særleg ortopediprosjektet har eit omfattande mandat som krev brei forankring.

Avgjerd i januar 

Difor har gruppene som arbeider med dei somatiske tiltaka fått utvida frist til 1. desember med å levere sine rapportar. Ut frå dei vil administrerande direktør lage sine tilrådingar til styret. Målet er at tilrådingane skal vere ferdigstilte 10. desember, slik at dei kan leggast fram for styret den 17. desember som ei orienteringssak. 

– Det er viktig å ha god kvalitet og forankring, både i Helse Førde og med omgjevnadene, før ein fattar eit så viktig vedtak. Difor rår eg styret til å vente med å realitetsbehandle denne saka til møtet den 29. januar 2026. Med den tilnærminga sikrar vi at flest mogleg får uttale seg før styret fattar sitt vedtak, seier Varden. 

DPS-prosjektet er også omfattande, men vil følge sin opphavlege framdriftsplan og levere sluttrapport i starten av januar. Målet er dermed å gje styret høve til å ta stilling til alle tiltaka samtidig den 29. januar 2026.