Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vil selge Tronvik for fem millionar

Helse Førde ønskjer å selge eigedomen Tronvik til selskapet 7 Vikings AS. Administrerande direktør Arve Varden ber styret om godkjenning til å selgje eigedommen for fem millionar kroner.

Publisert 23.10.2025
Sist oppdatert 24.10.2025
En stor bygning med en plen foran seg

Kjøparen har kinesisk majoritetseigar, og har signalisert at dei ønskjer å utvikle eigedomen til eit turistbasert anlegg. 
Etter at seksjon rus døgn ved Tronvik vart avvikla 1. mai 2024, har bygningane på det delvis freda anlegget i
stor grad stått tomme. Helse Førde har vurdert både sal og utleige av eigedommen. 
Tronvik har tilhøyrt Helse Førde sidan helseføretaket vart oppretta, og har vore nytta til psykiatri og rusbehandling.
Eigedomen er på på 80,5 mål, med bygningar både på begge sider av riksveg 55 ved Kyrkjebø i Høyanger kommune.

Bygningane består av administrasjonsbygg, hovudbygg, terapibygg, paviljong 1 og
2, funksjonærbustad og to hybelhus. Samla eigedomsmasse, omlag 9000 kvadratmeter, er frå 50- og 60-talet og vil trenge oppgradering og vedlikehald dei neste fem åra. Firmaet Multiconsult vurderte våren 2023 at bygningsmassen har eit samla oppgraderingsbehov på rundt 145 millionar kroner, der omlag 59 millionar kroner er tiltak som bør utførast innan dei neste fem åra. 

Slik den ubrukte eigedommen står no, vil den også påføre Helse Førde årlege driftskostnader på rundt ein halv million kroner.
 
- I dagens økonomiske situasjon er dette midlar Helse Førde ikkje disponerer, og eg vil derfor be om at styret godkjenner sal av Tronvik til 7 Vikings AS for fem millionar kroner, seier administrerande direktør Arve Varden. 

- Salssummen ligg nok noko under det eg såg føre meg då eigedomen vart lagt ut for sal, så dette er ikkje noko enkelt val. 

I dagens situasjon kan ikkje Helse Førde sitte med ubrukte bygg som har løpande driftsutgifter og stort oppgraderingsbehov. Derfor meiner Varden at det trass alt er rett å selge Tronvik no. Saka skal handsamast i styret Helse Førde-styret i møtet den 20. oktober. 

Selskapet 7 Vikings AS vert stifta i 2019, har forretningsadresse i Bergen, og er eigd av Ziwei Yang (80 prosent) og Jens-Martin Romslo Vatland (20 prosent).