Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

VR-brillene roar ned redde barn før operasjonen

Dersom barn og unge får oppleve noko som verkeleg engasjerer og interesserer dei i forkant av ein operasjon, "gløymer" dei kanskje å vere redde? Slik tenkte LIS-lege Ahmed Chaudhary då anestesiavdelinga ved Førde sentralsjukehus i fjor starta eit nytt forbetringsprosjekt.

Publisert 29.04.2025
To kirurgar som utfører kirurgi

Foto: Helse Førde

Det siste året har Chaudhary og kollegane jobba med eit forbetringsprosjekt der anestesiavdelinga ved Førde sentralsjukehus brukar VR-briller for å redusere angst og stress hos barn før operasjon.

Prosjektet har vist spennande resultat, og tilbakemeldingane er positive frå både barn og foreldre. Ahmed Chaudhary har erfaring som distriktslege i Finnmark og som lege i forsvaret, og spesialiserer seg no i anestesiologi ved Førde sentralsjukehus. Han er spesielt oppteken av barn sine opplevingar på sjukehuset. Det siste året har han jobba med eit prosjekt der dei har testa ut VR-briller som middel for å roe ned dei heilt unge som er redde framfor ein operajon.

Valfri film eller spel

Prosjektet går rett og slett ut på å tilby barn og unge å bruke VR-briller før operasjonen. På anestesipoliklinikken får barna informasjon om tilbodet og får høve til å gjere seg kjende med brillene. På sjølve operasjonsdagen kan dei til dømes sjå ein sjølvvald teiknefilm, eller spele eit spel medan dei blir førebudde til kirurgi. VR-brillene fungerer såleis som ein distraksjon, slik at barna ikkje fokuserer på nålestikket.

- I pilotperioden våren 2024 møtte eg ein ni år gammal gut som skulle gjennom ein planlagt operasjon. Han var veldig redd, hyperventilerte og gråt kraftig. Vi ga han VR-briller og lot han få sjå ein Minecraft-video, som vi visste han var svært opptatt av. Etter fem minutt var han slutta å hyperventilere, og pusta mykje rolegare. Etter fem nye minutt var veneflonen inne, og operasjonen blei gjennomført utan problem. Dette dømet viser kor effektive VR-briller kan vere for å distrahere pasienten i ein situasjon der han er veldig stressa og redd i utgangspunktet, seier Chaudhary. 

Forsking og erfaring viser god effekt

Også internasjonal forsking viser at bruk av VR reduserer angst og stress hos barn før medisinske prosedyrer. På sjukehuset får barn ofte roande medikament når det er vanskeleg for dei å samarbeide om prosedyrer. VR-brillene fungerer som eit godt alternativ til dette, og gir barna ei betre sjukehusoppleving, og auka meistringskjensle. Ei utprøving på 10 pasientar viste positive resultat. No har avdelinga to par VR-briller, og held fram prosjektet med støtte frå Helse Vest IKT.

Erfaringane etter omlag seks månadar utprøving i poliklinikken, viser klart at VR-brillene bidreg til å redusere angst og stress hos barna. Prosjektet får gode tilbakemeldingar frå foreldra. I ei undersøking der foreldrene blei spurt om korleis dei syns dette fungerte for barnet deira, svara heile 85 prosent at brillene klart var med på å dempe angsten. 

Involverer heile kjeda

Sjukehuset har dreve mykje internundervisning i avdelinga for å få til dette, og håpar resultata inspirerer andre til liknande prosjekt. 

 - Skal ein lykkast med eit slikt prosjekt som dette, må samtlige ledd i behandlingskjeda vere involvert. Det har vi fått til i Førde, og det er vi stolte av, avsluttar Chaudhary.