Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

20 nye studieplassar kan gi bioingeniørutdanning i Førde

Regjeringa foreslår 20 nye studieplassar til bioingeniørutdanninga ved HVL. Det er eit viktig steg mot å realisere Vestlandsbioingeniøren i Førde.

Publisert 07.10.2026
Et par kvinner som poserer for et bilde
Kristina Apalseth Kalland og Tonje Bøyum Riste i Helse Førde gler seg storleg over framlegget til statsbudsjett.

Dei nye studieplassane ligg inne i regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2027. Utdanningsminister Eileen Fugelsnes presenterte satsinga ved HVL onsdag 7. oktober.

– Dette er ein stor milepæl for utdanning i Førde, for praksisfeltet og for framtidige bioingeniørar. Vi er stolte og glade for at dette no er på veg til å bli realisert, seier Tonje Bøyum Riste, avdelingssjef for patologi i Helse Førde.

Vestlandsbioingeniøren er utvikla som ein modell der studentane tek dei to første studieåra i Bergen, før dei kan ta det tredje året i Bergen, Førde eller Haugesund.

Langsiktig arbeid

Satsinga er resultat av eit langsiktig samarbeid for å utvikle ein berekraftig modell for bioingeniørutdanning på Vestlandet.

– Vestlandsbioingeniøren er eit viktig tiltak for å møte det framtidige behovet for bioingeniørkompetanse i helsetenesta og sikre robuste laboratoriefaglege miljø i regionen, seier Kristina Apalseth Kalland, konstituert avdelingssjef ved Laboratoriet for medisinsk biokjemi og blodbank i Helse Førde.

Helse Førde er allereie praksisstad for bioingeniørstudentar. At studentane kan gjennomføre ein større del av studiet i Førde, vil knyte utdanning og praksisfelt endå tettare saman.

Viktig for rekruttering

For Helse Førde er satsinga særleg viktig med tanke på framtidig rekruttering.

– Når studentane får høve til å gjennomføre ein større del av utdanninga her, blir dei kjende med fagmiljøa våre og vi blir kjende med dei. Det gir oss eit betre utgangspunkt for å rekruttere den kompetansen helsetenesta treng i åra framover, seier Riste.

Dei 20 nye studieplassane er ein del av regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2027. Endeleg tildeling blir avklart gjennom handsaminga av statsbudsjettet.