Nytt Helseatlas
Adressa di avgjer kva psykisk helsehjelp du får
Nytt helseatlas for psykisk helsevern for vaksne viser store geografiske skilnader i korleis psykiske helsetenester blir nytta i Norge.

Store skilnader i behandlingstilbodet
Kvar i landet du bur, har mykje å seie for kva psykisk helsehjelp du får. Dette kjem fram i det heilt ferske helseatlaset for psykisk helsevern for vaksne, som analyserer bruken av psykiske helsetenester i perioden 2020-2024. Atlaset avdekkar betydelege forskjellar mellom regionar og opptaksområde, både når det gjeld kor mange som får behandling, kor ofte dei blir følgde opp og kva tenester som blir nytta. Skilnadane er særleg store for diagnosar som ADHD, eteforstyrringar, personlegdomsforstyrringar og psykoselidingar.
– Atlaset viser at organisering og praksis spelar ei stor rolle for korleis pasientar får hjelp. Målet er å bidra til refleksjon og forbetring, og på sikt meir likeverdige tenester, seier seniorrådgjevar Oddne Skrede i helseatlasteamet i Helse Førde.
Flest unge vaksne og kvinner
Dei fleste pasientane i psykisk helsevern er mellom 25 og 44 år, og kvinner er i klart fleirtal for dei fleste psykiske lidingane. Moderat depresjon står for størstedelen av behandlingskontaktene på landsbasis. Dette viser at også pasientar med moderate lidingar i stor grad får behandling i spesialisthelsetenesta, og ikkje berre dei med mest alvorlege diagnosar.
Endringar over tid
Talet på pasientar med angst og depresjon har gått ned, medan behandling av vaksne med ADHD har auka kraftig. Bruken av private avtalespesialistar varierer også mykje, og er meir utbreidd i byar og tettbygde strok enn i distriktsområda. Dette kan påverke både tilgjengelegheit og samhandling mellom tenestene.
Ulik oppfølging etter utskriving
Atlaset viser store skilnader i korleis pasientane blir følgde opp etter døgnbehandling. For pasientar med depresjon og psykoselidingar varierer det mykje kor raskt og i kva grad dei får vidare oppfølging etter utskriving. Dette er ein sårbar fase, der manglande oppfølging kan auke risikoen for tilbakefall, alvorleg sjølvskading og sjølvmord.
– Vi må sikre god oppfølging etter utskriving for å redusere risikoen for alvorlege utfall, understrekar Lars Lien, psykiater og medlem av ressursgruppa som har jobba med det nye helseatlaset.
Innsikt som drivkraft for forbetring
Helseatlaset gir ikkje alle svar på skilnadane, men peikar på at organisering, kapasitet og behandlingspraksis spelar ei viktig rolle. Målet er å bidra til kunnskap, refleksjon og forbetring, og til at pasientane får likeverdig tilgang til psykisk helsehjelp, uavhengig av kvar i landet dei bur.
Andre helseatlas frå Førde
Gå til SKDE for oversikt over alle atlas og rapportar.