Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Arbeidet med å tilsette ny administrerande direktør i Helse Førde er kome godt i gang

«Helse Førde søker ein erfaren toppleiar med godt strategisk blikk og dokumentert gjennomføringsevne. Du er samlande, tydeleg og handlekraftig, samstundes som du er lyttande, inkluderande og god til å byggje tillit.»

Publisert 19.10.2026
portrett styreleiar i helse førde Ole Gunnar Krakhellen
Styreleiar Ole Gunnar Krakhellen ser fram til responsen på utlysinga som no er ute.

Helse Førde skal vidareutvikle seg til beste for pasientar, leiarar og medarbeidarar. Oppgåvene er spennande og motiverande for den rette leiaren. Kvalitet og pasienttryggleik står fremst, i tillegg til balansen mellom økonomi, fag og prioritering  innanfor dei rammene som ligg til føretaket.  Helse Førde vil, som dei andre helseføretaka i regionen, vere avhengig av å ta i bruk nye IKT-løysingar, bidra til høg grad av digitalisering og rett bruk av teknologi for å møte behova i framtida. For å få til dette søker vi ein toppleiar som vil utvikle tenesta, saman med leiarar og medarbeidarar i heile helseføretaket, for å sikre ei framtidsretta spesialisthelseteneste for befolkninga. 

Helse Førde er ein av dei største arbeidsgjevarane i Sogn og Fjordane, med om lag 3000 dyktige leiarar og medarbeidarar som kvar dag jobbar for at pasientane skal få spesialisthelsetenester av høg kvalitet – når dei treng det. Helse Førde arbeider systematisk for pasienttryggleik, gode arbeidsmiljø og kontinuerleg forbetring, slik at ressursane blir brukte på best mogleg måte til beste for pasientane og samfunnet. 

Sjå annonsen her.

Kan ta nokre månader

Styreleiar Ole Gunnar Krakhellen trur det kan ta nokre månader før etterfølgjaren til Arve Varden er på plass. 

– Dette er ei svært viktig stilling, som bør vere attraktiv for mange. Vi tilbyr spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit helseføretak med dyktige leiarar og medarbeidarar. Administrerande direktør får gode moglegheiter til å påverke og utvikle føretaket vidare, saman med styret, leiarar og medarbeidarar, seier Krakhellen. 

Søknadsfrist 2. november

Det er rekrutteringsfirmaet Habberstad som har fått i oppgåve å bidra til å finne den beste kandidaten. 

– Dette er ein av dei mest spennande og utfordrande leiarjobbane på Vestlandet. Stillingsannonsen er no offentleg, og eg er tilgjengeleg for dialog med dei som er interesserte i stillinga, seier rekrutterar Hans Petter Karlsen, som har lang og god erfaring med å rekruttere toppleiarar innan spesialisthelsetenesta. 

Søknadsfristen er sett til 2. november 2026.