Baby boom i Helse Førde: – Flest sidan pandemien
Ved utgangen av mai var det fødd 400 barn på Kvinneklinikken i ved Førde sentralsjukehus. Jordmødrene har ikkje vore så travle sidan pandemi-året 2021.

Foto: Helse Førde
– Eg har ingen teoriar om kvifor eller korleis vi har fått denne utviklinga akkurat no, men konstaterer at dette er udelt gode nyhende på alle nivå.
Administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden, har sjølv eit barnebarn blant dei 400 smårollingane som har kome til verda i Sogn og Fjordane så langt i år.
400 så langt
76 born kom til verda i mai, faktisk ein liten nedgang etter at over 80 barn kom til verda i april, mars og februar. Totalen er likevel svært gledeleg, med 50 fleire fødde born til no i 2026 enn året før.
– Vi må faktisk tilbake til 2021 for å finne tilsvarande tal. Den gongen var vi midt i pandemien og fødselstala var høge over alt. No må vi leite etter andre forklaringar, seier Varden.
| År | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sept | Okt | Nov | Des | Hittil | Totalt |
| 2026 | 76 | 81 | 83 | 84 | 76 | 400 | 400 | |||||||
| 2025 | 68 | 53 | 93 | 65 | 71 | 65 | 80 | 74 | 94 | 65 | 54 | 62 | 350 | 844 |
| 2024 | 60 | 62 | 75 | 80 | 84 | 83 | 83 | 66 | 72 | 82 | 57 | 55 | 361 | 859 |
| 2023 | 56 | 58 | 70 | 61 | 81 | 70 | 70 | 80 | 69 | 76 | 58 | 43 | 326 | 792 |
| 2022 | 68 | 66 | 73 | 69 | 71 | 69 | 76 | 72 | 71 | 65 | 49 | 53 | 347 | 802 |
| 2021 | 84 | 81 | 89 | 87 | 73 | 84 | 87 | 90 | 68 | 74 | 64 | 55 | 414 | 936 |
| 2020 | 68 | 78 | 65 | 66 | 83 | 69 | 69 | 66 | 83 | 68 | 59 | 52 | 360 | 826 |
| 2019 | 66 | 67 | 70 | 79 | 92 | 75 | 82 | 83 | 68 | 78 | 59 | 52 | 374 | 871 |
| 2018 | 54 | 65 | 70 | 79 | 77 | 95 | 71 | 80 | 76 | 89 | 55 | 52 | 345 | 863 |
| 2017 | 89 | 72 | 77 | 81 | 82 | 83 | 75 | 90 | 86 | 69 | 71 | 59 | 401 | 934 |
Held fram i juni
Jordmor og seksjonsleiar ved kvinneklinikken, Kristin Opseth Rygg, kan skrive under på at det ikkje har roa seg så langt i juni. Seinast i dag, onsdag 10. juni, måtte ho kalle inn ekstravakter for at alle dei fødande skulle få god oppfølging.
– Det er svært gledeleg, men det er klart at når vi har seks fødslar før klokka 14 ein dag så blir det også heftig. Og vi kan ikkje gjere så store endringar i grunnbemanninga sjølv om vi ser at det kan vere ti som har termin same dag. Nokre kjem ei veke før, nokre kjem ei veke etter og vi må bemanne frå dag til dag.
Spanande utvikling
Somrane er vanlegvis høgsesong på kvinneklinikken, ofte med den absolutte toppen i september.
– Historisk sett er det færre fødslar når vi nærmar oss nyttår, men det blir spanande å sjå kva tal vi kjem ut med, seier Opseth Rygg.
PS: Fødselstal per kommune er tilgjengeleg gjennom SSB.