Dagrun Kyrkjebø er fast tilsett som utviklingsdirektør
Dagrun Kyrkjebø er fast tilsett som utviklingsdirektør i Helse Førde etter å ha vore konstituert i stillinga sidan desember 2025. Ho kjem frå stillinga som samhandlingssjef og gler seg til å vere med på å utvikle føretaket vidare.

Ho tek over etter Anne Kristin Kleiven, som har gått av med pensjon, men framleis arbeider i eit mindre engasjement på pensjonistvilkår for Helse Førde.
– Eg gler meg veldig. Eg søkte fordi eg har sett at dette er ei svært spennande stilling. Det er mykje som er interessant å følgje vidare, og eg hadde lyst til å få vere med på den prosessen, seier Kyrkjebø.
Sterk søkjarliste
Det var ei svært sterk søkjarliste med fleire godt kvalifiserte kandidatar til stillinga.
– Dagrun har allereie vist at ho er i stand til å leie dette viktige arbeidet, seier administrerande direktør Arve Varden.
Kan tenkje meir langsiktig
Med fast tilsetjing får ho høve til å planleggje lenger fram i tid.
– Når ein får ein jobb permanent, kan ein tenkje litt lengre tankar. Eg treng ikkje å ha eit ti- eller seksmånadsperspektiv, men kan planleggje for korleis drifta skal sjå ut i framtida. Vi kan rigge oss til det beste for Helse Førde og pasientane våre framover, seier ho.
Ho set stor pris på tilliten som ligg i tilsetjinga.
– Eg hadde lyst på jobben og valde difor å søkje. Då er det veldig kjekt at Helse Førde ser at dei kan ha nytte av kompetansen min, og at eg kan vere med på å løfte føretaket og bidra inn i framtida, seier Kyrkjebø.
Kyrkjebø er òg programleiar for Pasientens helseteneste. I styringsgruppa deltek mellom andre klinikkdirektørane og leiarar for fleire av støttefunksjonane i føretaket.
Skal støtte dei kliniske avdelingane
Kyrkjebø peikar på at ei hovudoppgåve for fag og utvikling er å støtte dei kliniske avdelingane og drifta, slik at avdelingane kan bruke tida på det dei er best på.
– Vi skal hjelpe til med støttefunksjonane som trengst, slik at dei kliniske avdelingane kan gjere arbeidet endå betre. Samstundes skal vi ha blikket retta framover, seier ho.
Tenesteutvikling og kvalitet på tenestene, pasienttryggleik, kompetanse og utdanning, forsking og innovasjon er sentrale ansvarsområde, i tillegg til andre støttefunksjonar i føretaket.
– Vi skal sjå framover og vere i forkant for å sikre at tenestene våre held eit høgt nivå også i framtida, seier Kyrkjebø.