Den nye skadepoliklinikken i Lærdal
Styret i Helse Førde fekk på møtet onsdag orientering om etablering av ny skadepoliklinikk ved Lærdal sjukehus frå 1. juni. Pasientflyten i den nye poliklinikken vil variere - alt etter om pasienten har adresse nord eller sør for Sognefjorden.

Innbyggjarane i Lærdal og elles i Indre Sogn får frå og med måndag 1. juni eit nytt skadepoliklinisk tilbod ved Lærdal sjukehus. Tilbodet skal sikre at pasientar med lette og moderate skadar kan få behandling lokalt. Samstundes skal pasientar med meir alvorlege skadar raskt komme til rett behandlingsnivå, anten ved Førde sentralsjukehus eller Haukeland Universitetssjukehus.
Skadepoliklinikken i Lærdal vil vere open på dagtid alle kvardagar, og skal vere bemanna med ortopedisk overlege frå Førde sentralsjukehus.
Ulik praksis nord og sør for Sognefjorden
Det er viktig for pasientane å vere merksame på at pasientflyten blir ulik, avhengig av om ein har bustadadresse sør eller nord for Sognefjorden:
• Pasientar med adresse sør for Sognefjorden (Lærdal, Årdal og Aurland):
- På dagtid på kvardagar kan desse pasientane få behandling for lette og moderate skadar ved skadepoliklinikken i Lærdal
- Ved alvorlege skadar, eller skadar som krev innlegging eller akutt operasjon, skal desse pasientane til Førde
• Pasientar med adresse nord for Sognefjorden:
- Desse pasientane skal som hovudregel til Førde sentralsjukehus heile døgnet, dersom det er behov for spesialisthelsetenester
- På kveld, natt og i helg skal legevakt vurdere alle pasientar og eventuelt sende dei vidare til Førde sentralsjukehus
Kva betyr dette i praksis?
• Alle pasientar skal framleis ta kontakt med legevakt ved akutte skadar
• Legevakta vurderer situasjonen og avklarer vidare oppfølging i dialog med ortopedisk fagmiljø
• Målet er at pasientar ikkje skal måtte reise unødvendig langt, samstundes som alvorlege skadar får rask og trygg behandling
Tett samarbeid med kommunane
Helse Førde har hatt dialog med Lærdal kommune og legevakta i forkant av oppstarten. Det er planlagt fleire samhandlingsmøte i tida framover for å justere ordninga, basert på erfaringar i drift.
– Dette er ei omlegging der det er avgjerande med godt samarbeid mellom sjukehuset og kommunane. Erfaringane frå dei første månadene blir viktige for å sikre eit godt og føreseieleg tilbod for pasientane, seier direktør for kirurgisk klinikk i Helse Førde, Bjørn Morten Øen.
Tilbodet vil bli evaluert i dialog med kommunane, med første evaluering våren 2027.