Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Desse skal rehabilitere Angabygget

Styret i Helse Førde har vedteke å rehabilitere og oppgradere Angabygget ved Førde sentralsjukehus, og det er no bestemt kva firma som skal utføre arbeidet.

Publisert 06.07.2026
Ei gruppe bygningar

Bakgrunnen er at det trengs lokale for medisinstudentane ved UIB si satsing på utdanningsløpet Vestlandslegen i Førde.  Investeringsramma er inntil 130 millionar kroner. 

Angabygget ligg i tilknyting til Svanabygget (sentralblokka) ved Førde Sentralsjukehus. Det er oppført i 1990, og bygget vart tidlegare nytta til lokale for psykiatrisk klinikk. Dei siste åra har Angabygget vore nytta til kontor for ulike sjukehusfunksjonar. Bygget har i dag stort behov for oppgradering.

Eit rehabilitert og ombygd Angabygg skal sikre framtidsretta og fleksible løysingar, og skal bli eit moderne og effektivt kompetansesenter for utdanning, forsking og utvikling. Ferdigstilling og innflytting er planlagt til desember 2027.
 
Sykehusinnkjøp HF har på vegner av Helse Førde HF lyst ut fire konkurransar for gjennomføring av byggeprosjektet. Desse er tildelt

Bygg  –  Donar AS
Rør  –  Dale Rør AS
Ventilasjon  –  Bravida 
Elektro  –  Bravida 

Helse Førde er godt nøgd med anboda som er komne inn, og byggestart er planlagt 15. september 2026. Kontraktene med entreprenørane blir skrivne så snart klagefristen er ute. Helse Førde har som intensjon å signere kontrakt med utførande entreprenørar i første del av august.

Bygget skal bevarast i sin karakteristiske postmodernistiske stil, med vekt på materialkvalitetar og originale detaljar. Det er eit mål å bevare byggets særpreg og samanheng med resten av sjukehusanlegget, samstundes som tekniske løysingar og planløysingar vert oppgradert til dagens krav. Det har vore fokus for alle fag i forprosjektet å finne kostnadseffektive løysingar, slik at prosjektet kan gjennomførast som planlagt.  

Det er sett miljømål om å ha høg gjenbruksgrad, og å realisere fleire miljøvinstar ved ombruk av materialar.

Rehabilitering og ombygging av Angabygget omfattar oppgradering av fasade og utskifting av alle vindu og dører i fasade, innvendig ombygging/tilpassing av lokala til kontor, undervisning og simulering. Alt av tekniske anlegg, inkludert ventilasjon, varme, elektro og datainfrastruktur, skal fornyast. 

Kontaktperson i Helse Førde er administrerande direktør Arve Varden - 992 19 352.