Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Digital heimeoppfølging endra livet til Per: – Skulle ønske fleire kjende til det

Per Fossheim pleidde å legge seg med ulåst dør slik at ambulansepersonellet kunne gå rett inn. No slepp han det, og håpar fleire vil nytte seg av tilbodet som har hjelpt han.

Publisert 29.07.2026
Per Fossheim sittande på kafe i Førde

Foto: Helse Førde

– Eg er mykje tryggare i kvardagen, og kvardagane er mykje betre enn dei var før. No har eg kontroll, seier Per Fossheim. 

76-åringen i Førde har vore hardt råka av KOLS (kronisk obstruktiv lungesjukdom) i lang tid, og legg ikkje skjul på at pusteproblem er ei påkjenning både fysisk og psykisk. 

– Nokre kvir seg for å for å fortelje om redsla som følgjer med, men for meg er det heilt naturleg. Når du ikkje får luft blir du redd. Så enkelt er det med den saka. 

Fram til for omlag eit år sidan prega dette livet hans i mykje større grad enn det gjer no. Tilstanden hans er slik at ei forkjøling vanlegvis utviklar seg til lungebetennelse i løpet av kort tid. 

Alltid nokon å ringe til 

– Tidlegare var det slik at eg bestilte time hjå fastlegen når eg kjende det var i ferd med å gå gale. Fekk eg timen ei veke fram i tid var eg innan den tid allereie innlagt på sjukehus. 

For vel eit år sidan vart fekk Fossheim heimebesøk frå heimkommunen Sunnfjord i anledning at han runda 75 år. Sunnfjord er saman med Stryn, Luster, Sogndal, Vik, Aurland, Høyanger, Fjaler og Stad kommunane i Helse Førde sitt område som tilbyr digital heimeoppfølging.  

Digital heimeoppfølging er eit samarbeid mellom kommunane og helseføretaket, der pasientar får oppfølging frå helsepersonell medan dei er heime. Gjennom enkle digitale løysingar kan pasienten registrere eigne målingar og symptom, som til dømes blodtrykk, blodsukker eller pustevanskar, og dele dette med behandlarane. Målet er å gi tryggare og meir samanhengande oppfølging, styrkje pasienten si eiga meistring og bidra til at fleire kan få behandling og oppfølging i eigen heim. 

– Det var under heimebesøket eg høyrde om dette første gongen, og sidan har ballen rulla. Det at eg alltid har nokon å ringe til er den store skilnaden, seier Per Fossheim. 

Enormt potensial 

– No kjenner eg at eg har nokon i ryggen. Nokon eg kan kontakte. Kjenner eg at det blir gale kan eg enten ta av medisinen eg har heime og krysse av på eit skjema, elles så ringer eg så vi får diskutert litt før eg får meir medisin.  

Likevel er det heller få som nyttar seg av dette tilbodet. I Helse Førde sitt område er det rundt 30 personar som nyttar seg av digital heimeoppfølging, 27 av dei har KOLS eller hjartesvikt. Til samanlikning har 450 pasientar med KOLS vore innom sjukehusa i Helse Førde 540 gonger dei siste åra, medan 400 pasientar med hjartesvikt har vore innom sjukehusa 520 gonger.  

– Tala viser tydeleg at potensialet her er enormt. Vi kan spare pasientane for mange innleggingar og bruke kommunane og helseføretaket sine ressursar på ein mykje meir effektiv måte, seier Jofrid Aardalsbakke Djupvik, prosjektleiar for digital heimeoppfølging i Sogn og Fjordane.  

– For meg har det forandra alt. Eg meiner fleire burde kjent til det, og fortel om det til kjenningar eg meiner ville hatt utbyte av det, seier Per Fossheim.