Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fekk Verdigheitsprisen for arbeidet mot vektstigma

John Roger Andersen vart tildelt Verdighetsprisen 2026 frå Norsk forening for fedmeforsking. Han fekk prisen for eit langvarig engasjement for at menneske med fedme skal bli møtt med respekt og verdigheit, og for arbeidet sitt mot stigma og diskriminering knytt til kroppsvekt.

Publisert 13.11.2026
Ein mann som smiler til kameraet

Prisen vart delt ut under Fedmeforskningsdagene i oktober. Verdighetsprisen går til ein person, ei gruppe eller ein organisasjon som har bidratt til å fremje verdigheit, respekt og kunnskapsbasert forståing innan fedmefeltet.

John Roger Andersen set pris på anerkjenninga, men legg ikkje skjul på at det ikkje er den personlege merksemda som betyr mest.

– Eg er sjølvsagt veldig glad for både nominasjonen og prisen, sjølv om eg blir litt brydd av personlege prisar. Det viktigaste for meg er at prisen bidreg til å løfte fram arbeidet mot stigma og diskriminering av menneske med fedme, seier han. 

Stigma påverkar helsa

I grunngjevinga blir det lagt vekt på forskinga og formidlinga til John Roger Andersen, og innsatsen hans for å utfordre stereotypiske framstillingar av menneske med fedme. Han understrekar at vektstigma handlar om langt meir enn handlingar og folkeskikk. Det kan få reelle konsekvensar for helsa.

– Stigma er skadeleg, og truleg langt meir skadeleg enn mange er klar over. Vi snakkar om både stigmatisering frå andre og om internalisert stigma, der menneske tek til seg negative haldningar og vender dei mot seg sjølve. Det kan føre til skam, skuld og ei negativ oppfatning av seg sjølv. 

Forsking viser at vektstigma er knytt til ei rekke negative helseutfall, også uavhengig av sjølve fedmen. Stigma kan og føre til at menneske vegrar seg for å søke helsehjelp, eller får dårlegare behandling når dei kjem til helsetenesta. 

– Dette er ikkje berre eit spørsmål om folkeskikk og etikk. Det handlar også om helse og kvaliteten på helsetenestene våre. 

Gjennom mange år har fagmiljøet arbeidd for å setje pasientane sine eigne erfaringar og pasientrapporterte utfall meir i sentrum, både gjennom forsking, faglege møteplassar og konferansar. Andersen opplever at merksemda rundt desse spørsmåla gradvis har auka. 

– Like mykje ein lagpris

For John Roger Andersen er det viktig å løfte fram fagmiljøet og dei mange som har bidratt til arbeidet gjennom åra. Støtta frå kollegaer og leiarar i Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet (HVL) har vore avgjerande for at han har kunna jobbe langsiktig med forsking, behandling og pasientane sine erfaringar. 

Han trekker særleg fram Villy Våge, som var rettleiaren hans under doktorgradsarbeidet.

– Utan Villy Våge hadde eg truleg aldri kome inn i dette fagfeltet. Han betydde svært mykje for meg, både fagleg og personleg, og eg meiner han har ein stor del av æra for denne prisen.

Samtidig meiner Andersen at prisen speglar ein innsats som mange har vore ein del av. 

– På mange måtar er dette like mykje ein lagpris som ein personleg pris. Mange dyktige menneske har bidratt gjennom åra, både i forskingsmiljøa og i den kliniske behandlinga av menneske med fedme. Eg har vore heldig som har fått vere ein del av det. 

Får til mykje frå Førde

Han håpar også at prisen kan vise kva som er mogleg å få til frå eit mindre fagmiljø. 

– Vi har fagmiljø her som blir lagt merke til både nasjonalt og internasjonalt. Det handlar ikkje nødvendigvis om kor stor institusjonen er, men om menneska, samarbeidet og viljen til å jobbe langsiktig med noko ein meiner er viktig. 

Han håpar dette kan inspirere andre.

– Ein treng ikkje å bu i Oslo eller jobbe ved dei største institusjonane for å kunne bidra til forsking og positive endringar i samfunnet. Det går faktisk an å få til mykje herfrå også, avsluttar han.