Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fleire blir inviterte til å delta i Folkehelseundersøkinga 2026

I april blir eit utval av innbyggarar i Vestland inviterte til å delta i Folkehelseundersøkinga 2026. Undersøkinga gir viktig kunnskap om helse, trivsel og livskvalitet blant vaksne i fylket, og resultata blir brukte i planlegging og utvikling av helsetenestene.

Publisert 09.04.2026
Diagram

Viktig innsikt i korleis folk har det

Folkehelseundersøkinga er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og Folkehelseinstituttet (FHI). Målet er å få betre innsikt i korleis innbyggarane sjølve opplever si eiga helse og kvardag. Resultata blir brukte av kommunar, fylkeskommunen og andre aktørar som arbeider med helse og folkehelse i regionen.

Undersøkinga omfattar mellom anna:

  • fysisk og psykisk helse

  • livskvalitet og sosial støtte

  • levevanar

  • nærmiljø og bustadforhold

Dette er tema som også har stor betydning for behovet for helsetenester, og for samhandlinga mellom kommunar og spesialisthelsetenesta. 

Helse Førde har eit ansvar både for behandling og for å bidra til førebygging og betre folkehelse. Resultata frå Folkehelseundersøkinga gir eit felles kunnskapsgrunnlag om helsetilstanden i befolkninga i opptaksområdet vårt.

Denne kunnskapen kan mellom anna:

  • styrke forståinga av pasientane sine behov

  • gi betre grunnlag for samarbeid med kommunane

  • bidra i planlegging av tenester og utviklingsarbeid

  • støtte arbeidet med førebygging og helsefremjande tiltak

Kven kan delta, og når?

Undersøkinga går føre seg frå 16. til 28. april 2026. Berre dei som blir tilfeldig trekte ut frå folkeregisteret og får invitasjon på SMS eller e-post kan delta. Det er frivillig å svare, men alle som blir inviterte blir oppmoda om deltaking.

For å svare, loggar deltakarane inn på helsenorge.no med ID-porten eller BankID. Alle svar blir behandla i tråd med gjeldande personvernreglar, og det er ikkje mogleg å identifisere enkeltpersonar i resultata. 

Bruk stemma di - svar på folkehelseundersøkinga!