Frøya (16) vil ikkje tilbake til det gamle systemet
Brukarstyrt poliklinikk for diabetes er eit tilbod til dei unge diabetespasientane som ønskjer det, og som har tilstrekkeleg sjukdomskunnskap og digitale føresetnader for å delta. 16-åringen Frøya Frammarsvik i Florø har diabetes 1, og kan ikkje tenke seg å gå tilbake til vanleg oppmøtebasert oppfølging.

Frøya fekk påvist diabetes i 2019, og fekk første tida tradisjonell oppfølging på Førde sentralsjukehus. Dit reiste ho kvar tredje månad for oppfølging av lege og diabetessjukepleiar. No tek ho tremånaderskontrollane heime, måler blodsukkerverdiane og fyller ut oppfølgingsskjema på pc. På sjukehuset vert svara vurdert av lege og sjukepleiar, som gir henne oppfølging etter behov.
– Eg opplever oppfølginga som veldig bra og trygg, fortel Frøya. - For meg som går på vidaregåande er det viktig at eg får gjort dette utan å måtte få fråvær på skulen.
I staden for oppmøte kvar tredje månad, held det no med fysisk oppmøte ein gong i året.
– Eg ønskjer meg i alle fall ikkje tilbake til det gamle systemet, seier ho.
Fordelar:
- Sparer pasient og eventuelt foreldre for unødig fråver frå skule og arbeid.
- Sparer unødig reising til og frå sjukehus.
- Ansvarleggjer pasient og foreldre.
- Unngår telefonkø inn til poliklinikken.
- Frigjer tid for personalet over til dei pasientane som treng det mest.
- Ein årleg kontroll med fysisk oppmøte på sjukehuset.
Kva skal til?
Før pasientane kan starte med behovsstyrt oppfølging skal sjukepleiar og lege vurdere om opplegget passar for pasienten. Helsepersonellet kontaktar pasienten dersom dei digitale svara ikkje ligg innanfor referanseverdiane.
Pasienten må kunne handtere den tekniske løysinga. Hen må kunne bruke Helse Norge og ha kunnskap om bruk av det medisinsk-tekniske utstyret (insulinpumpe m.m.) og dele data med poliklinikken. Hen må vidare kunne ta stilling til spørsmål i skjema, forstå eige ansvar i oppfølginga og ha god innsikt i eigen sjukdom.
Det er frivillig å delta i opplegget. Så langt har rundt halvparten av dei om lag 80 unge diabetespasientane som får oppfølging i Helse Førde valt brukarstyrt poliklinikk.