Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helse Førde skal vere på budsjett i 2028

Ifølgje den nyleg vedtekne økonomi-langtidsplanen (ØLP) 2027 - 2031 for Helse Førde skal føretaket drive på budsjett allereie i 2028. Dette inneber ei utfordring på over 70 millionar på kort sikt, i høve budsjett.

Publisert 28.05.2026
Portrett av mann
Økonomidirektør i Helse Førde, Øystein Helleseth.

Økonomidirektør Øystein Helleseth konstaterer at økonomien nett no dreier i rett retning, men han ser likevel at tiltaka ein arbeider med no ikkje er tilstrekkeleg for å komme i balanse. 

I tillegg til å redusere meirforbruket i drifta er det behov for auka investeringar, særleg innan bygg og medisinsk-teknisk utstyr. Konkret er det snakk om investeringar i m.a. Angabygget, ny intensivavdeling, nytt akuttmottak, tryggleiksenger og nye sentralheisar i Svanabygget. 

- Helse Førde har behov for å investere for 100 millionar kvart år for å vedlikehalde bygningsmassen og fornye medisinsk-teknisk utstyr. I tillegg kjem større investeringar knytt til bygg. Allereie neste år planlegg vi å heve investeringsramma til nesten 250 millionar kroner. Det føreset at vi får innvilga internlån frå Helse Vest RHF, seier Helleseth. - Ut over dette må investeringane prioriterast innanfor den likviditeten vi klarer å skape gjennom drifta. I langtidsplanen er det føresett at omstilling, effektivisering og innsparingar må halde fram for at vi skal nå dei økonomiske måla som er sette.

ØLP set konkrete resultatkrav til føretaket, der underskota gradvis blir redusert i åra framover. På sikt er målet å drive i balanse, medan ein ved utgangen av denne ØLP-perioden (2031) siktar mot eit driftsunderskot på ti millionar kroner.

Merk at styret i Helse Førde HF kvart år må vedta dei faktiske drifts- og investeringsbudsjetta, og at det ved nye prioriteringar eller nye forhold vil komme endringar.