Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Klarsignal for ny intensivavdeling i Helse Førde

Helse Førde går vidare med ei ny intensivavdeling som skal tene alvorleg sjuke pasientar frå heile Sogn og Fjordane.

Publisert 02.10.2026
Arealet som skal bli ny intensivavdeling ved Førde Sentralsjukehus. Ribba og klart for ombygging.
Arealet der den nye intensivavdelinga skal byggjast er allereie ribba og klart for bygging.

– Vi har nasjonale og regionale føringar om å byggje opp og modernisere intensivkapasiteten, seier administerande direktør Arve Varden. 

Beredskap er ein vesentleg del bakgrunnen for denne satsinga. Nasjonale styresmakter legg no større vekt på at helsetenesta må kunne auke kapasiteten raskt ved større kriser og ein eventuell krigsituasjon 

Intensivarealet ved Førde sentralsjukehus har i praksis ikkje vore modernisert sidan sjukehuset vart bygd i 1979. 

– Dagens areal dekker ikkje krava til moderne pasientbehandling. Dei tekniske anlegga nærmar seg slutten av levetida og skal i stor grad skiftast ut. Arbeidsforholda vi treng for å gje god pasientbehanding er ikkje til stades i dagens areal. Vi kan ikkje utsette dette lenger, seier administrerande direktør Arve Varden. 

Dette er den einaste intensivavdelinga i Helse Førde sitt område. Ho tek hand om dei sjukaste pasientane, som treng kontinuerleg overvaking og behandling etter til dømes akutt sjukdom, ulukker, større operasjonar eller alvorlege komplikasjonar. 

Utsett då Nye Førde sjukehus vart dyrare 

Moderniseringa av intensivavdelinga var opphavleg ein del av Nye Førde sjukehus. Prosjektet vart utsett då den økonomiske situasjonen og prisauken under pandemien gjorde at Helse Førde måtte redusere investeringane. 

– Då hadde vi ikkje midlar til å gjennomføre prosjektet. Samstundes var det tydeleg at vi skulle kome tilbake til intensiv når økonomien tilsa det. No er denne investeringa prioritert i den økonomiske langtidsplanen vår, seier Varden.

I styremøtet 24. september vedtok Helse Førde-styret samrøystes å gå vidare med prosjektet, med ei styringsramme på 109 millionar kroner. Føresetnaden er 98 millionar kroner i internt lån frå Helse Vest og 11 millionar kroner i eigenkapital.

Kan auke kapasiteten ved behov 

Den nye intensiveininga skal ha 13 senger som i dag, men romma blir utforma slik at dei kan nyttast meir fleksibelt ved ulike behov, til dømes ved større ulukker og beredskapssituasjonar, pandemiar eller infeksjonsutbrot. 

Samtidig skal Helse Førde auke talet på intensivsenger på høgaste nivå, kategori 3, frå to til tre innan 2028. 

– Kategori 3 er den høgaste kategorien innan intensivmedisin, seier Varden. 

Saka er no sendt til Helse Vest RHF for endeleg handsaming. Dersom prosjektet blir godkjent, er planen at den nye intensivavdelinga skal vere ferdig innan utgangen av 2028.