Kvalitetsprisen 2026 til Eili Nygard Riise
Eit lokalt kvalitetsprosjekt som starta som eit såkorninitiativ, har utvikla seg til eit kvalitetsregister med verdi for pasientbehandling, tenesteutvikling og forsking. Helse Førde sin kvalitetspris 2026 gikk til Eili Nygard Riise, psykologspesialist og seksjonsleiar ved BUP Sogndal.

Foto: Helse Førde
Gjennom ei årrekkje som klinikar og leiar har Eili Nygard Riise kombinert fagleg utvikling, forsking og kvalitetsforbetring med eit sterkt engasjement for barn og unge som treng psykisk helsehjelp. Juryen peikar særleg på hennar langsiktige og målretta arbeid med å etablere og vidareutvikle kvalitetsregister i psykisk helsevern for barn og unge, og korleis registerdata aktivt blir nytta til å forbetre tenestene. Arbeidet hennar viser korleis systematisk kvalitetsforbetring kan gi varige resultat.
Foto: Helse Førde
Takksam for anerkjenninga
Prisen vart delt ut under Helse Førde sin Kvalitetskonferanse 10. november i Førde.
– Det betyr enormt mykje! Det er veldig kjekt at jobben eg har gjort vert lagt merke til og løfta. Det gir masse motivasjon til å halde fram med å gje endå betre tenester til barn og unge som strevar, seier Riise.
Byggjer kvalitet gjennom samarbeid
Ved poliklinikken for barn og unge i Sogndal har Riise gjennom mange år vore ein pådrivar for fagutvikling og forbetringsarbeid. Ho har planlagt, utvikla og gjennomført eit omfattande arbeid med å samle inn kunnskap om behandlingsresultat på ein måte som har få sidestykke, både nasjonalt og internasjonalt.
Juryen la stor vekt på leiarrolla hennar. Som seksjonsleiar har ho bidrege til å byggje tenester av høg kvalitet og ein kultur der kontinuerleg forbetring er ein naturleg del av kvardagen.
Kollegaer skildrar henne som kunnskapsrik, ambisiøs, nytenkjande og modig. Samstundes vert ho framheva som ein inkluderande og samlande leiar med stor evne til å få medarbeidarar til å trekkje i same retning.
Skaper både resultat og arbeidsglede
Noko av det som særmerkjer Riise, er evna til å kombinere høge faglege ambisjonar med omsorg for menneska rundt seg. Ho er kjend for å skape engasjement, fellesskap og arbeidsglede, og legg stor vekt på å utvikle eit godt arbeidsmiljø.
Gjennom sosiale møteplassar, felles aktivitetar og tett involvering av medarbeidarane byggjer ho sterke fagmiljø. Samstundes har ho samla kollegaer rundt ambisiøse mål for utvikling av tenestene til barn og unge.
Juryen trekte fram klokskap, stor arbeidskapasitet, løysingsorientering og evna til å hjelpe både pasientar, pårørande og medarbeidarar som nokre av eigenskapane som gjer henne til ein særs verdig vinnar av kvalitetsprisen.
Rosar mange for innsats
Riise understrekar at prisen er eit resultat av innsatsen til mange.
– Det er mange eg vil dele denne prisen med. Kollegaene mine på Sogndal BUP, som gjer det kjekt å gå på jobb kvar dag, og alle kollegaer i avdelinga som har bidrege med sin fagkompetanse i arbeidet med kvalitetsregisteret.
Ho rettar òg ein takk til tidlegare leiar Tore Hågård, avdelingssjef Toril Taklo, dei andre seksjonsleiarane i avdelinga og klinikkdirektør Børge Tvedt for støtte, tillit og handlingsrom.
– Ein særskild takk går til ein eineståande pasient i BUP som gjennom sine erfaringar har lært meg mykje om korleis vi kan måle kvalitet på ein måte som gir meining for dei vi er her for.
Til slutt takkar ho familien sin.
– Og sjølvsagt må eg takke mannen min og ungane mine for all tolmodigheit når arbeidsdagane vert lange.
Om Helse Førde sin kvalitetspris
- Kvalitetsprisen er Helse Førde si høgaste utmerking innan kvalitets-, forbetrings- og utviklingsarbeid.
- Prisen skal heidre framifrå innsats og inspirere til vidare utvikling av tenestene.
- Alle tilsette, einingar eller fagmiljø som har gjort ein særleg innsats for kvalitet og forbetring kan nominerast.
- Aktuelle bidrag kan vere forbetringsprosjekt, innovativ tenesteutvikling eller langsiktig kvalitetsarbeid som kjem pasientar og tenestene til gode.