Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

No startar arbeidet med Angabygget

No startar rehabilitering og oppgradering av Angabygget ved Førde sentralsjukehus, etter at avtalane med entreprenørane vart signert sist onsdag.

Publisert 14.09.2026
Ei gruppe personar i eit møterom
Representantar frå dei tre entreprenørane signerte kontrakten på Angabygget.

Sykehusinnkjøp HF lyste på vegner av Helse Førde HF ut fire konkurransar i samband med prosjektet. Sist onsdag underteikna representantar for dei utvalde entreprenørane Donar AS (bygg), Bravida (ventilasjon/elektro) og Dale Rør AS (rør) sine respektive kontrakter med Helse Førde.

Angabygget skal huse medisinstudentane ved UIB si satsing på utdanningsløpet Vestlandslegen i Førde, Høgskulen på Vestlandet, Helse Vest IKT og Vilje Helseklynge. Investeringsramma er inntil 130 millionar kroner. 
 
Angabygget ligg i tilknyting til Svanabygget (sentralblokka) ved Førde Sentralsjukehus. Det er oppført i 1990, og vart tidlegare nytta til lokale for psykiatrisk klinikk. Dei siste åra har Angabygget vore nytta til kontor for ulike sjukehusfunksjonar. Bygget har stort behov for oppgradering.

Eit rehabilitert og ombygd Angabygg skal sikre framtidsretta og fleksible løysingar, og skal bli eit moderne og effektivt kompetansesenter for utdanning, forsking og utvikling. Ferdigstilling og innflytting er planlagt til desember 2027.

Bygget skal bevarast i sin karakteristiske postmodernistiske stil, med vekt på materialkvalitetar og originale detaljar. Det er eit mål for Helse Førde å bevare byggets særpreg og samanheng med resten av sjukehusanlegget, samstundes som tekniske løysingar og planløysingar vert oppgradert til dagens krav. 

Det har vore fokus for alle fag i forprosjektet å finne kostnadseffektive løysingar, slik at prosjektet kan gjennomførast etter plan. Det er sett mål om å ha høg gjenbruksgrad, og å realisere fleire miljøvinstar ved ombruk av materialar.

Rehabilitering og ombygging av Angabygget omfattar oppgradering av fasade og utskifting av alle vindu og dører i fasade, innvendig ombygging/tilpassing av lokala til kontor, undervisning og simulering. Alt av tekniske anlegg, inkludert ventilasjon, varme, elektro og datainfrastruktur, skal fornyast.