Nordfjord sjukehus fyller 90 år
Tysdag 23. juni 2026 er det 90 år sidan Nordfjord sjukehus tok imot sin første pasient. Jubileet blir markert i to omgangar: Ei enkel markering på sjølve dagen, og ei større feiring etter sommaren.

Eit lokalsjukehus med lange tradisjonar
Nordfjord sjukehus stod ferdig i 1936, og den første pasienten fekk behandling 23. juni same året. Sidan den gongen har sjukehuset vore ein viktig behandlingsstad for innbyggarane i Nordfjord, med eit breitt spekter av helsetenester. Fleire tusen pasientar er innom sjukehuset for behandling og oppfølging kvart år.
– Jubileet gir oss høve til å sjå tilbake på historia vår, men også til å vere stolte av det sterke fagmiljøet og dei gode helsetenestene vi tilbyr innbyggjarane i Nordfjord i dag. Vi har dyktige fagfolk som gir trygg og nær behandling til pasientane våre kvar dag, seier stadleg leiar Heidi Vederhus.
På sjølve jubileumsdagen blir det ei enkel markering for tilsette, pasientar og pårørande med flaggheising, kake og kaffi. Seinare på dagen blir det grillfest for alle tilsette. I vestibylen viser vi bilete og historier frå sjukehuset si 90 år lange historie på ein digital skjerm. Skjermen blir ståande ei stund gjennom sommaren, slik at fleire kan få med seg glimta av historia til sjukehuset når dei er innom.
Administrerande direktør og føretaksleiinga i Helse Førde deltek under markeringa.
– Nordfjord sjukehus har ei viktig rolle i å gi gode og tilgjengelege helsetenester til innbyggjarane i regionen. Det er kjekt for oss i føretaksleiinga å vere til stades og markere jubileet saman med tilsette og lokalsamfunnet, seier administrerande direktør Arve Varden.
Større feiring etter sommaren
Den andre delen av jubileumsfeiringa skjer etter sommaren, den 2. september. Då blir det ei større markering med inviterte gjester, fagleg program og kunstutstilling. Kunst og kultur har vore ein viktig del av Nordfjord sjukehus sidan starten, mellom anna gjennom Singer sitt bidrag, og kunsten som prydar sjukehuset.
Denne markeringa vil løfte fram både historia, utviklinga og rolla sjukehuset har hatt – og har – i regionen. Det endelege programmet for markeringa 2. september kjem seinare.
– Jubileet viser korleis lokalsjukehusa har utvikla seg over tid. Samstundes gir det oss eit godt utgangspunkt for å utvikle tenestene vidare, og sikre gode og trygge tilbod til innbyggarane også i framtida, avsluttar Varden.