Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ny direktør for drift og eigedom

Per Arne Flølo er den nye direktøren for drift og eigedom i Helse Førde.

Publisert 15.05.2026
Per Arne Flølo i lobbyen på Førde sentralsjukehus

Foto: Helse Førde

— Bygningsmassen til Helse Førde er i god stand, men det nyttar ikkje kvile på laurbæra. Vi må ha gode planar og oversikt over tilstanden, seier den nye direktøren for drift og eigedom.

Flølo er 51 år gamal, førdianar og utdanna elektro- og automasjonsingeniør ved HVL.

— Men eg har eit fagbrev som platearbeidar i botn, og det er viktig å få med. Den erfaringa har eg hatt mykje nytte av både i Helse Førde og andre stader.

Han byrja i Helse Førde i 2005 som avdelingsingeniør på medisinsk teknisk avdeling, har hatt ulike leiarstillingar i same avdeling der han no er avdelingssjef. Han tek over som direktør for drift og eigedom frå 1. august, og får dermed ein månad overlapping med konstituert direktør Kjell Inge Solhaug. 

Fyldig søkarliste

— Motivasjonen min for å søke på jobben var å kunne vere med å påverke retninga til Helse Førde. Det er ikkje slik at eg har sett så mykje som er gjort feil, men eg har jo mine eigne syn på ting. Og så kjenner eg kollegaene eg får, og veit eg kjem inn i eit godt arbeidsmiljø.

Administrerande direktør Arve Varden seier dette var ein ettertrakta jobb med ei fyldig søkarliste. Seks kandidatar vart kalla inn til intervju.

— Vi var samde om at Per Arne var rett mann. I han får vi ein markant og kunnskapsrik leiar som kjenner den komplekse bygningsmassen og organisasjonen som Helse Førde har i heile Sogn og Fjordane. 

— Eg kunne berre vere den eg er, og dei veit kva dei får, kvitterer Flølo om intervjurundane.

Treng oversikt

Han seier likevel at han planlegg nokre djupdykk i Helse Førde for å få full oversikt over tre sjukehus, tre distriktspsykiatriske senter, eit medisinsk senter, 17 ambulansestasjonar og alt som høyrer til av bilar og båtar.

— Eg kjenner avdelingane og avdelingsleiarane godt, men eg må dukke djupare ned i det for å få tilstrekkeleg innsikt i drifta til alle. Spesielt ambulansestasjonane. Dei er mange, spreidde og har ulik standard.

— Blir det rundttur til alle 17?

— Ja, det er viktig at eg gjer det for å få forståing og oversikt over alt vi rår over.

Frå oppstarten blir rehabiliteringa av Angabygget ei av dei store oppgåvene hans. Arbeidet tek til om lag samtidig som han byter jobb. Det må vere ferdig til dei første Vestlandslege-studentane kjem i 2028, og det må gjerast i strenge økonomiske rammer - utan at det er rom for å fire på kvaliteten.

— Det blir ei vaksen oppgåve, for dette er eit utleigebygg med kundar som naturleg nok har høge krav og forventningar. Så det gler eg meg til å ta fatt på, seier Flølo.