Problem med telefoni
Pågåande problem med telefonnettet hos Telenor gjer at det kan vere vanskeleg å kome gjennom til naudetatane. Helsedirektoratet opplyser kl 19.08 at 113 og 116 117 fungerer som normalt.
Publisert 08.10.2026
Oppdatering: 113 og 116117 fungerer som normalt
Helsedirektoratet melder kl. 19.08 at 113 og 116117 fungerer som normalt. Telenor opplyser likevel at enkelte anrop framleis kan feile. Dersom du ikkje kjem gjennom, prøv på nytt.
Telenor melder torsdag ettermiddag at enkelte anrop til nødnummer, blant anna 113, har feila.
Dersom du ikkje kjem gjennom, er anbefalinga å prøve fleire gonger. Du kan også ta kontakt med næraste helsetilbod i kommunen du bur.
Om du treng akutt helsehjelp, og ikkje får kontakt med 113, kan du også prøve dette:
- Har du nokon med Telia- og eller Ice-abonnement rundt deg, kan du prøve å ringe med dei i staden.
- Møt opp på akuttmottaket om du treng akutt helsehjelp og ikkje kjem gjennom via telefon.
Sist oppdatert kl. 19:50