Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Roboten som kjenner att kirurgiske instrument – utan merking

Helse Førde testar ny teknologi som kan endre kvardagen på sterilsentralen. Ein robot frå Florø-selskapet Retrams skannar og sorterer kirurgisk utstyr – heilt utan strekkodar eller QR-kodar.

Publisert 12.01.2026
Ein mann som står ved siden av ein skanner

Foto: Helse Førde

På sterilsentralen i Helse Førde er det no full aktivitet med å prøve ut ein ny robotskannar. Den skal hjelpe til med å identifisere kirurgiske instrument på ein heilt ny måte. I staden for fysisk merking, nyttar skannaren kunstig intelligens og visuell analyse for å kjenne att instrumenta basert på form, slitasje og andre særtrekk. Det er som å gi kvart instrument sitt eige digitale fingeravtrykk. 

Vi har ein 20 % stilling for å skanne instrument, seier seksjonsleiar på Sterilsentralen Gro Helen Reiersgård. Robotskannaren er i arbeid, og vi har gode erfaringar så langt. Dette blir bra! 

Ei gruppe menn i eit rom

Foto: Helse Førde

Det vart god stemning då roboten kom fram til sterilsentralen. Ei hending med mange involverte. Tv. Eirik Furre, seksjonsleiar for sterilteknikk og Frank Fredriksen, sterilteknikar begge ved Haukeland universitetssjukehus, Kristoffer Olaussen, sal og marknadssjef i Retrams.

Kvifor er dette viktig? 

– Vi må automatisere arbeidsprosessar. Ser vi fram mot 2035, vil mangel på arbeidskraft vere merkbar, seier Eirik Furre, seksjonsleiar for sterilteknikk ved Haukeland universitetssjukehus. Han har vore ein av pådrivarane for å finne løysingar som sikrar full oversikt og kontroll over kirurgiske instrument. Med denne teknologien kan sjukehusa på sikt redusere feil, styrke pasienttryggleiken og bruke ressursane meir effektivt. 

Slik fungerer skannaren 

Skannaren er ein frittståande maskin som enkelt kan integrerast i arbeidsflyten på sterilsentralen. Den gir rask oversikt over kva instrument som er skanna, kvar dei høyrer heime. Systemet krev lite opplæring og gir full kontroll over instrumentet sitt opphav, tilstand og plassering. 

Teknologien er utvikla av Retrams i samarbeid med norske sjukehus, mellom anna Haukeland og St. Olavs hospital. Pilotprosjektet har fått støtte frå Helse Vest og det har vist at skannaren kan redusere bruk-og-kast og auke gjenbruk. 

Ei gruppe menneske i kirurgiske uniformar som ser på ein skanner

Foto: Helse Førde

Sigrun Hoff, rådgjevar på kirurgisk serviceklinikk ved Haukeland viser korleis bruke roboten. Hennar oppgåve i prosjektet er integrasjonen mellom skanner og produksjon i sterilsentralen.

Samarbeid på tvers 

Helse Førde har fått låne ein av skannarane frå Helse Bergen for å komme i gang med testing. Neste steg er å sjå korleis ein robotarm kan samarbeide med skannaren for å plukke og sortere reint og ureint utstyr. Her er også Høgskulen på Vestlandet med i prosjektet. 

– Kjekt for oss på Haukeland å kunne samarbeide med eit så godt sjukehus som de er, seier Furre. Han rosar sterilsentralen og teknisk driftsavdeling i Førde for gode prosessar og smarte løysingar. 

Norsk teknologi med internasjonale ambisjonar 

Retrams har hovudkontor i Florø, og var nominert til Innovasjonsprisen frå Forskningsrådet i 2025. Selskapet trur teknologien har stort potensial også utanfor Noreg.

 
– Kompetansen vi har skaffa oss gjennom olje og fiskeoppdrett har lært oss mykje om sporing. Retrams har eit produkt med gode moglegheiter på den internasjonale marknaden, seier Furre.