Rusbehandling: Kor bur du?
Adressa di avgjer kva behandling og oppfølging du får: Er du bergensar, får du i snitt fem gonger meir poliklinisk rusbehandling enn ein førdianar eller ein finnmarking. Dette er berre eitt av døma på variasjonar i norsk rusbehandling som blir avdekka i det nyleg publiserte Helseatlas for rusbehandling.

Ei gruppe fagfolk i Helse Førde har som jobb å kartlegge bruk av spesialisthelsetenester i heile Noreg. Helseatlastenesta i Førde har såleis ei heilt sentral rolle i det nasjonale arbeidet med å undersøkje korleis innbyggjarane brukar desse tenestene, og korleis denne bruken varierer mellom ulike delar av landet. Det heilt ferske Helseatlas for rusbehandling beskriv geografisk variasjon i bruken av helsetenester blant personar med rusliding i perioden 2021–2025.
Kvart år får rundt 35 000 personar poliklinisk behandling for ruslidingar i spesialisthelsetenesta, og om lag 15 500 personar vert lagt inn. Den geografiske variasjonen i pasienttalet er stor, men variasjonane i omfanget av behandlinga er endå større. I Bergen får pasientane til dømes over fem gonger så mykje poliklinisk behandling per innbyggjar som i Førde eller Finnmark.
Ulik tidsbruk
Tida som går mellom tilvising til spesialisthelsetenesta fram til behandlinga faktisk startar, varierer også mykje. Denne tida er meir enn dobbelt så lang for pasientar i Nord-Noreg og deler av Oslo, samanlikna med Førde, Stavanger, Møre og Romsdal og Trondheimsregionen. Likevel har denne tida gått ned i mange område.
Kva oppfølging får du etter å ha vore innlagt for ruslidingar? Det avheng av kva du bur. Dei første dagane og vekene etter utskriving frå ein behandlingsinstitusjon er ofte ein kritisk fase med høg risiko for tilbakefall til rus. Tidleg oppfølging, god kontakt og god samhandling med kommunen kan vere livsviktig, særleg for sårbare pasientgrupper med sjølvmordfare eller risiko for overdose. Tida frå utskriving til første kontakt med sjukehuset varierte stort, frå nokre få til opptil 41 dagar. Andelen som fekk poliklinisk oppfølging innan dei første 30 dagane varierte frå 16 opp til 64 prosent. Oppfølginga hos fastlege eller i andre kommunale tenester varierte også stort.
Meir kokainbruk
- Dei første vekene etter utskriving er kritiske for mange pasientar med ruslidingar. Når vi ser så store geografiske skilnader i kor lang tid det går fram til neste kontakt med spesialisthelsetenesta, må vi stille spørsmål ved kva som ligg bak, meiner analytikarane i Helseatlas i Førde.
Framleis er den største gruppa som blir behandla for alkoholrelaterte lidingar vaksne menn, men størst auke er det blant yngre menn som fekk behandling for kokainbruk. Poliklinisk behandling for kokainlidingar vart femdobla i løpet av femårsperioden. Det er likevel stor geografisk variasjon. Kokainbehandling skjer i hovudsak på Sør- og Austlandet og i dei største byane. Behandling for lidingar knytt til bruk av ulike beroligande medikament og sovemedisinar er også aukande, og talet på innleggingar auka i perioden.
Dette er berre nokre få av funna i det heilt nye Helseatlas for rusbehandling - følg denne lenka for å lese heile rapporten. Forutan rusbehandling omfattar Helseatlas ei rekke store pasientgrupper. Helse Førde har gjennom Helseatlas bidrege til kartlegging av mellom anna psykisk helsevern, hjarteinfarkt, fedme og ortopedi - som til saman utgjer eit breitt og solid kunnskapsgrunnlag om norsk spesialisthelseteneste.