Samlar ortopedi ved sentralsjukehuset og arbeider vidare med skadepoliklinikkane
Ei prosjektgruppe med leiarar, tillitsvalde og verneteneste i Helse Førde har sidan styremøtet den 29. januar arbeidd med å sette vedtaket om å samle den ortopediske aktiviteten i Førde ut i praksis.

Samlar ortopedisk aktivitet i Førde frå 1. juni
Gjennom dette arbeidet er det avklart at 29. mai blir siste operasjonsdag ved ortopedisk seksjon i Lærdal, og at aktiviteten blir samla i Førde frå 1. juni.
– Det har vore ein lang veg hit. Dette er ei stor omstilling, spesielt for dei tilsette i Lærdal, men også ved sentralsjukehuset der ein skal ta i mot operasjonsaktiviteten. Eg må igjen berømme dei tilsette i Lærdal og heile Helse Førde for at dei heile tida har sett pasientane i høgsetet i denne prosessen, seier administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden.
Vidare drift av skadepoliklinikkar i Lærdal og Nordfjord
Helse Førde skal framleis ha ortopediske skadeklinikkar ved lokalsjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid. Her blir det arbeidd med eit tilbod om poliklinikk på dagtid med ortoped - fem dagar i veka. Både for planlagde konsultasjonar og øyeblikkeleg hjelp.
Helse Førde er i tillegg i dialog med vertskommunane Lærdal og Stad om eit tilbod på kveldstid i samarbeid med legevakta for å kunne gjere flest mogleg avklaringar lokalt. I hovudsak skal pasientar på kveld, natt og helg reise til Førde ved behov for skadepolikliniske tenester.
– Vi treng meir tid og dialog med vertskommunane våre før vi kan legge fram dei ferdige løysingane for skadepoliklinikkane våre, men vi er i gang og er optimistiske med tanke på kva vi kan få til saman, seier Varden.
Målet er å få på plass ei løysing for skadepoliklinikken i Lærdal frå 1. juni. I Nordfjord er avtalen med vikarane som driftar skadepoliklinikken forlenga til 1. oktober. Planen er å vidareføre denne vikarstafetten, dersom det ikkje er mogleg å dekke behovet med ortopedar frå Førde.
Tilsette i omstilling etter vedtaket
Omstillingsarbeidet for dei tilsette i Lærdal har også vore i gang sidan kort tid etter styrevedtaket 29. januar. Prosessen er ferdigstilt for leiarane, og det blir no arbeidd med legar og spesialsjukepleiarar. Det blir kartlagt kva stillingar Helse Førde skal ha i Lærdal i framtida som følgje av nye tilbod, samt kva stillingar som skal opprettast i Førde.
Målet er å gjennomføre samtalar med alle berørte tilsette innan påske.