Slår saman avdelingar – meir effektiv ressursbruk
Helse Førde samlar tre laboratorieavdelingar til éi og etablerer ein felles infusjonspoliklinikk ved Førde sentralsjukehus. Målet er å bruke ressursane meir effektivt, utan å redusere tilbodet til pasientane.

– Vi må heile tida sjå etter måtar å organisere oss betre på. I begge desse tilfella samlar vi funksjonar som i dag er fordelte på fleire einingar. Det gjer at vi kan bruke mindre ressursar på å gjere den same jobben, seier direktør for medisinsk klinikk, Trine Vingsnes.
Tre laboratorium blir éi avdeling
Laboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB), Avdeling for patologi og Mikrobiologisk avdeling er no vedteke at skal samlast i éi laboratoriemedisinsk avdeling.
Dei tre avdelingane har ulike fagområde, men har også funksjonar som kan samordnast. Det gjeld mellom anna leiing og administrasjon, sekretærtenester, kvalitetsarbeid og IKT.
– I dag må tre avdelingar kvar for seg løyse fleire av dei same oppgåvene. I ei større avdeling kan vi samarbeide meir, hjelpe kvarandre og redusere sårbarheita, seier Vingsnes.
Prosjektet har identifisert eit potensial for å frigjere inntil to til tre årsverk. Samanslåinga skal ikkje føre til oppseiingar eller redusert tilbod til pasientar eller rekvirentar. Ressursar som blir frigjorde, kan også nyttast til andre prioriterte oppgåver.
Hausten 2026 skal den nye organisasjonsmodellen detaljerast og omstillingsfasen risikovurderast. Den nye organiseringa vil tidlegast bli sett i verk rundt årsskiftet.
Inspirert av Lærdal og Nordfjord
Ved Førde sentralsjukehus blir infusjonsbehandling, som ikkje er kreftbehandling, i dag gitt ved tre ulike avdelingar. No blir behandlinga samla i ein felles infusjonspoliklinikk i tredje etasje på sjukehuset. Då kan ein klare seg med lavare bemanning enn dei tre avdelingane hadde til saman.
– Den nye organiseringa er inspirert av måten vi har organisert infusjonspoliklinikkane våre i Nordfjord og Lærdal på, seier Vingsnes.
Sjølv om det blir tal årsverk blir redusert, vil ingen tilsette bli overtallige.
– Vi manglar personell på mange område. Når vi kan løyse dei same oppgåvene med lågare personellbruk, kan vi bruke arbeidskrafta på andre oppgåver eller late vere å erstatte tilsette ved naturleg avgang. Ingen misser jobben som følgje av desse endringane, seier Vingsnes.
Den nye infusjonspoliklinikken skal etter planen opne i løpet av oktober.
Betrar økonomien
Endringane er del av arbeidet med å betre økonomien i Helse Førde.
– For infusjonspoliklinikken er innsparingseffekten i første omgang vel eitt årsverk. For laboratoriesamanslåinga er potensialet berekna til mellom to og ein halv og tre millionar kroner. For begge tiltaka vil ein bruke tid for å hente ut effektane. Summa summarum snakkar vi kanskje om fire til fem millionar kroner, seier Vingsnes.
Ho understrekar at endringane ikkje skal påverke kvaliteten på tenestene.
– Pasientane skal få like godt tilbod som i dag. Dette handlar om å gjere den same jobben, men på ein meir effektiv og ressurssparande måte.