Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Søkarlista til stillinga som administrerande direktør er klar

Det kom inn ni søknader til stillinga som administrerande direktør i Helse Førde. To søkarar har trekt søknadene sine, og sju står att. Tilsettingsutvalet ser fram til ein god prosess.

Publisert 06.11.2026
portrett styreleiar i helse førde Ole Gunnar Krakhellen
Styreleiar i Helse Førde, Ole Gunnar Krakhellen, er nøgd med interessa for stillinga

– Vi er godt nøgde med interessa for stillinga. Det viser at Helse Førde har ein viktig posisjon i Sogn og Fjordane, seier styreleiar Ole Gunnar Krakhellen, som òg leiar tilsetjingsutvalet. 

Tilsettingsutvalet startar no dialogen med aktuelle kandidatar. Tilsetjinga av ny administrerande direktør er ei av dei viktigaste tilsettingane i Helse Førde i tida som kjem. 

Tilsettingsutvalet ser fram til å ta fatt på det viktige arbeidet. 

Offentleg søkarliste

Nr. 

Namn 

Noverande stilling 

Alder 

Kjønn 

Bustadkommune 

1 

Sveine, Torgeir 

Seniorrådgjevar 

63 

M 

Trondheim 

2 

Vatten, Ivar Edmund 

Ikkje oppgitt  

62 

M 

Heim 

3 

Unntatt offentlegheit 

 

 

M 

 

4 

Søkaren har trekt søknaden sin 

 

 

 

 

5 

Søkaren har trekt søknaden sin 

 

 

 

 

6 

Unntatt offentlegheit 

 

 

M 

 

7 

Vingsnes, Trine 

Direktør medisinsk klinikk 

57 

K 

Sunnfjord 

8 

Tvedt, Børge 

Direktør psykisk helsevern 

55 

M 

Sunnfjord 

9 

Lilleeng, Bård Flattun 

Kommuneoverlege 

53 

M 

Sunnfjord 

Kjønnsfordeling: éi kvinne og seks menn