Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Styret i Helse Førde utsette ambulanse-kutt, men samlar ortopedien i Førde

Styret i Helse Førde vedtok på møtet i Førde 29. januar i all hovudsak å følgje dei tilrådde sparetiltaka, men utsette saka rundt ambulansen i Lavik. Styret hadde fem konkrete innsparingsprosjekt å ta stilling til.

Publisert 29.01.2026
Sist oppdatert 30.01.2026
En gruppe mennesker som sitter rundt et bord

Styret har i dag blant anna vedteke å samle den ortopediske aktiviteten i føretaket ved Førde sentralsjukehus, legge ned hudpoliklinikken i Florø, å arbeide for etablering av eit barseltilbod med auka samhandling med kommunane i Nordfjord og Indre Sogn og ingen endring av struktur eller kapasitet ved dei distriktpsykiatriske sentra (DPS) i Indre Sogn og Nordfjord.

Der desse vedtaka medfører negative konsekvensar, inneheld styrevedtaka ei rekke kompenserande tiltak, og pålegg administrerande direktør å følgje opp endringar med framtidige rapportar overfor styret om utviklinga der det er gjort endringar. 

For ortopedi-vedtaket inneber dette at dei tilsette skal få ivaretatt sine rettar på best mogeleg måte, og at pasienttryggleik og kvalitet i behandlinga skal vere høgast prioritert. Vidare får Lærdal sjukehus ortopedisk poliklinikk tre dagar i veka for å redusere reisebelastninga, og Lærdal og Nordfjord sjukehus skal begge ha eit skadepoliklinisk tilbod. Lærdal skal ta enklare dagkirurgi, der det ikkje er behov for anestesilege. 

- Etter endringane vil fire av fem helsepersonell ved Lærdal sjukehus framleis vere der, sa fagdirektør Asle Kjørlaug i si orientering til styret.

- Dette utgjer eit omfattande og sterkt fundament for helseberedskapen i Indre Sogn.

Ved Nordfjord sjukehus blir det framleis eit dagkirurgisk tilbod med inntil 60 operasjonsdagar i året.
 
Den noverande akuttberedskapen ved dei to sjukehusa ligg i dag i medisinsk klinikk, og den indremedisinske beredskapen skal halde fram som no. I tillegg skal Helse Førde legge til rette for at private avtalespesialistar kan arbeide ved Lærdal sjukehus med poliklinisk og operativ aktivitet.

Frå tidleg haust 2026 kan det her bli utført 500 augeoperasjonar (grå stær) og mellom 3000 og 5000 polikliniske operasjonar. Helse Førde skal også arbeide med å etablere hjartesviktpoliklinikk og desentralisert poliklinikk for lungerehabilitering ved Lærdal sjukehus i løpet av 2026. 
Fleire av tilboda nemnt i vedtaket er begrunna med redusert reisebelasting, særleg for sårbare pasientgrupper i opptaksområdet til dei to lokalsjukehusa.

I ambulansetenesta var framlegget å kutte ein dagambulanse i området Ytre Sogn/Ytre Sunnfjord, og etablere eit beredskapspunkt i Lavik etter dialog med Høyanger kommune. Styreleiar Ole Gunnar Krakhellen la fram eit alternativt vedtak som er nokså likt, der dagbilen vert vurdert kutta, men der styret ber om ytterlegare utgreiing i saka før vedtak. Fleire styremedlemmer uttrykte at ambulansesaka er den vanskelegaste saka styret handsamar i dag, medan flytting av ortopedisk verksemd var vanskelegast overfor dei tilsette. 
Her er ambulansevedtaket, som vart fremma av styreleiar saman med styremedlemmene Arne Johannesen og Aud Ingrid Espeland:

  1. Styret utset vedtak om nedlegging av ambulansestasjon i Lavik.
  2. Styret er uroa for å redusere tal ambulansebilar i vårt dekningsområde. Styret ber administrerande direktør å greie ut tydelegare korleis eventuelle kompenserande tiltak kan gjennomførast, ved eventuelle endringar av struktur. 
  3. Styret ber administrerande direktør om å halde dei berørte kommunane godt orientert i det vidare utgreiingsarbeidet. 
  4. Kommunane vert invitert til å delta i samarbeidsprosjekt som omtala i saka. 
  5. Dagens mellombelse ordning med beredskapspunkt i Lavik og dagbil og to døgnambulansar held fram til styret gjer endeleg vedtak i saka.

Medan styret vedtok å kutte verksemda ved hudklinikken i Florø, skal eit behovsstyrt poliklinisk tilbod for lysbehandling oppretthaldast i Sogndal. Etter endringane skal tenestene evaluerast i to år og rapporterast til styret.
Dagens vedtak betyr i utgangspunktet at dei to God Start-einingane held fram. I Nordfjord med ein tilpassa avtale med kommunane, i Sogn med håp om å få til det same.

Lukkast ein ikkje med dette i Indre Sogn, skal ein subsidiært vurdere flytting av dette barseltilbodet til Førde sentralsjukehus.