Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Digitale helsetenester som gjer kvardagen enklare for pasientar

Digitale helsetenester gjer det enklare for pasientar å få oppfølging og kontakt med sjukehuset. I Helse Førde jobbar eit tverrfagleg team med å utvikle, innføre og vidareutvikle slike løysingar i samarbeid med klinikkane.

Publisert 18.08.2026
Fem personar som står i ein glasskorridor på sjukehuset.
Teamet for digitale helsetenester i Helse Førde. F.v: koordinator Vidar Vie, Åse Stadheim, Lasse Lesto, Gitta Sas og Rikke Due. Trine Dyregrov Heggheim er også ein del av teamet, men var ikkje til stades då biletet vart teke.

Teamet har kompetanse på teknologi og på å fasilitere forbetrings- og innføringsprosessar, og jobbar tett saman med fagmiljøa.

Tett på dei som skal bruke løysingane

Ein viktig styrke i arbeidet er at teamet har medlemmer som er tett på klinikkane og kjenner kvardagen der tenestene blir brukt.

Gjennom tett samarbeid med klinikkane kan løysingane tilpassast behova til både pasientar og helsepersonell, slik at dei fungerer godt i praksis.

– Vi er avhengige av innsikta frå dei som står i pasientarbeidet kvar dag. Det er dei som veit kvar skoen trykkjer, og kva som faktisk kan hjelpe, seier koordinator Vidar Vie.

Digitale løysingar som gjer oppfølginga enklare

Teamet arbeider med digitale skjema, videokonsultasjonar og andre løysingar som kan gjere oppfølginga enklare og meir tilgjengeleg for pasientane. Samstundes støttar dei klinikkane i arbeidet med å ta i bruk ny teknologi på ein måte som fungerer godt i ein travel klinisk kvardag. Målet er enkle og nyttige løysingar som gir betre oppfølging utan å skape meirarbeid.

Del av ei større retning

Arbeidet med digitale helsetenester i Helse Førde speglar også retninga i Helse Vest, med større vekt på samanhengande løysingar, betre støtte til helsepersonell og meir involverte pasientar. Samtidig er hovudfokuset lokalt.

– Det viktigaste for oss er at dette fungerer for dei som skal bruke det, i møte med pasientane.

Fleire nye satsingar er under utvikling

Teamet er involvert i fleire pågåande og komande satsingar, mellom anna innføringar av behovsstyrt oppfølging med skjema, pasientinvolvert planlegging og ny teknologi som kan støtte dokumentasjonsarbeidet i helsetenesta.

Målet med arbeidet er at fleire pasientar skal kunne få god oppfølging gjennom digitale løysingar som er enkle å bruke og godt tilpassa behova deira.

– Vi er her for å bidra der det er behov, og for å spele på lag med fagmiljøa, avsluttar Vie.