Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Utviklingsplan på høyring

Helse Førde inviterer til innspel til ny utviklingsplan for sjukehustilbodet fram mot 2041. Planen er no lagt ut til offentleg høyring.

Publisert 19.06.2026
Eit kunstverk av barn som leikar

Foto: Anders Gjennestad

– Vi ønskjer brei medverknad i arbeidet med utviklingsplanen. No håpar vi på gode innspel frå kommunar, samarbeidspartnarar, tilsette og innbyggjarar, seier administrerande direktør Arve Varden. 

Portrett av kvinne og mann

Foto: Helse Førde

Utviklingsdirektør Dagrun Kyrkjebø og administrerande direktør Arve Varden

Skal peike retning fram mot 2041 

Utviklingsplanen er det overordna strategiske dokumentet for korleis Helse Førde skal utvikle verksemda si i åra framover. Planen skal sikre at sjukehustilbodet er tilpassa behova i befolkninga, både i dag og i framtida. 

– Vi står overfor endringar i befolkninga, sjukdomsbiletet og tilgang på kompetanse.  
Utviklingsplanen skal hjelpe oss å prioritere rett og bruke ressursane best mogleg, seier utviklingsdirektør Dagrun Kyrkjebø. 

Planen byggjer vidare på utviklingsplanen frå 2022 og tek omsyn til nasjonale og regionale føringar for spesialisthelsetenesta. 

Opnar for innspel 

Høyringsutkastet er no tilgjengeleg og Helse Førde inviterer alle interesserte til å kome med innspel. 

– Gode helsetenester blir utvikla i samarbeid. Vi er avhengige av innspel frå dei som bruker tenestene, frå kommunane og frå fagmiljøa våre, seier Varden. 
 

Slik kan du gi innspel 

Fristen for å gi innspel er 6. september 2026 

Innspel kan sendast: 

på e-post til post@helse-forde.no 

eller per post til Helse Førde HF 

Merk innspelet med «Sak 26/4154 Utviklingsplan Helse Førde 2041». 

Lenke til høyringsutkastet / utviklingsplanen 

Vidare prosess 

Etter høyringsperioden vil innspela bli gjennomgått og vurdert før planen blir lagt fram for styret til endeleg behandling hausten 2026.