Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vi kan ikkje fjerne noko vi ikkje har

Lærdal kommune sin ROS-analyse skaper eit sterkt behov for avklaringar om kva Lærdal sjukehus er og ikkje er.

Publisert 16.01.2026
Sist oppdatert 18.01.2026
Fagdirektør Asle Kjørlaug innfeldt i bilde av Lærdal sjukehus
Asle Kjørlaug, fagdirektør i Helse Førde, svarar om ROS-analysen til Lærdal kommune.

Administrerande direktør Arve Varden har i tidlegare innlegg gjort greie for kva funksjonar som finst ved Lærdal sjukehus. Etter at Lærdal kommune i eit avisinnlegg presenterte sine analyser av føreslegne endringar ved sjukehuset, har det vorte nødvendig å presisere kva funksjoner Lærdal sjukehus ikkje har.

Lærdal kommune sin risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) fokuserer i stor grad på lokal beredskap. Det er spesielt knytt til Helse Førde sine tenester ved alvorlege ulukker, eller traumeflyten, at det har oppstått misforståingar.

Men kva meiner vi med traumeflyten?

Det er ein serie av tiltak som er optimalisert for å sikre helsehjelp av god kvalitet ved alvorlege ulukker. La oss ta eksempelet med ei alvorleg bilulykke ved E16 i Lærdalsdalen. Det utenkelege skjer, og ulukka er eit faktum. Ambulansen rykker ut samtidig med legevakt, brann og politi. Luftambulanse er på veg og kjem med ein høgkompetent anestesilege. Flyturen går rett til næraste akuttsjukehus med traumefunksjon, Førde sentralsjukehus, der pasienten blir møtt av eit stort team av helsepersonell som er drilla på mottak av traumepasientar.

Leiar i teamet er ein spesialist i generell kirurgi (blautdelskirurg) som gjer vurderingar og tiltak. Ved livstruande skade går pasienten rett vidare til operasjon og blir møtt av eit operasjonsteam trent i traumekirurgi som assisterer kirurgen i å utøve ein livreddande operasjon. Spesialisert utstyr til bruk i traumeoperajonar ligg til ei kvar tid tilgjengeleg og blir frakta raskt til operasjonsstova.

Etter operasjonen blir pasienten frakta til intensivavdelinga for stabilisering og overvaking. Når pasienten er ute av livsfare kjem ortopeden til for å stabilisere skjelett og musklar. Alt skjer raskt og koordinert med moderne utstyr og høg fagleg standard.

Kva så med Lærdal sjukehus? Sjukehuset er verken bemanna eller utstyrt til å ta imot traumepasientar. Ja, vi har medisinsk akuttberedskap og eit medisinsk akutt-team som handterer akutte medisinske tilstandar som for eksempel hjertestans. Ja, vi har dyktig helsepersonell i Lærdal som yter god helsehjelp av høg kvalitet. Men vi har ikkje eit traumeteam eller kirurgisk beredskap for å gjennomføre akutte kirurgiske operasjonar.

Vi har spesialistar i indremedisin, anestesiologi, radiologi og ortopedi, men vi har ingen spesialist i generell kirurgi som kan gjere vurderingar og livreddande akuttoperasjonar i Lærdal. Vi har operasjonsteam som er trent på planlagt protesekirurgi, men dei er verken trent eller utstyrt til å gjennomføre akuttkirurgi. Vi har indremedisinsk sengepost, men ikkje ei intensiveining som kan halde pasienten i live etter ein traumeoperasjon.

Kvifor ikkje? Lærdal sjukehus er eit sjukehus utan traumefunksjon, og slik har det vore i mange år. Det er faktisk ein pasienttryggleiksrisiko å sende pasientar med alvorlege traumer via Lærdal sjukehus, fordi det forlenger den tidskritiske transporten til nærmaste akuttsjukehus med traumefunksjon.

Det er ei rekke faktafeil i det Lærdal kommune legg til grunn i sin analyse. Mellom anna påstår dei at Lærdal sjukehus er eit katastrofesjukehus (noko det ikkje er), at det har kirurgisk beredskap (noko det ikkje har), og at røntgen- og laboratorietenestene blir svekka gjennom Helse Førde sine føreslegne endringar (noko dei ikkje blir).

Det kan også virke som om Lærdal kommune meiner at lengre reiseveg for å avklare om ein har pådrege seg ein brist eller eit brot vil kunne medføre auka risiko for både død og varige mên. Det er ikkje riktig. Lengre reiseveg aukar tidsbruken og inneber difor auka belastning for pasientar, men ved lettare skadar aukar det ikkje risikoen for verken død eller varige mên.

Helse Førde sine føreslegne tiltak for å kompensere for lengre reiseveg, særskilt for sårbare pasientgrupper som skrøpelige eldre og barn, er ikkje nemde.

Dessverre er Lærdal kommune sitt avisinnlegg egna til å skape ubegrunna uro i lokalbefolkninga. Dei fremmer eit bilde av at vi ved Lærdal sjukehus tilbyr helsehjelp som vi ikkje tilbyr, og at vi dermed kan miste funksjonar vi ikkje har.

Vi i Helse Førde ser at det sett utanfrå kan vere lett å tenke at “eit sjukehus er eit sjukehus” og at innhaldet i dei stort sett er det same. Det er svært viktig å formidle at det ikkje er tilfellet. Vi er stolte over alt dei tilsette i Lærdal har fått til, og det velfortente positive ryktet dei har fått. Vi forstår også at mange skulle ønskt at sjukehuset skulle vore meir likt det gamle lokalsjukehuset som hadde litt av alt. Men som nevnt i kronikken til Varden:

Det gamle totalsjukehuset du reiste til uansett kva som feila deg, finst ikkje lenger i Sogn og Fjordane. Heller ikkje i Førde. Vi er for få i Sogn og Fjordane til at vi kan gjere alt over alt.

Helse Førde sine tenester knytt til alvorlige ulykker vil forbli uendra - uavhengig av kva vedtak styret i Helse Førde gjer om ortopeditilbodet ved Lærdal sjukehus.