Børge Tvedt konstituert som admistrerande

Styret i Helse Førde har i dag konstituert Børge Tvedt (45) som administrerande direktør i Helse Førde. Tvedt skal fungere i stillinga fram til ein ny administrerande direktør er tilsett.

Publisert 26.05.2017
Sist oppdatert 02.01.2024

​​Eit samrøystes styre står bak konstitueringa av Tvedt, som kom til Helse Førde som direktør for psykisk helsevern i november i fjor. Før dette var Tvedt rådmann i Jølster kommune. Konstitueringa skjer etter at Jon Bolstad tidlegare denne veka sa opp stillinga som administrerande direktør for å gå over i den tilsvarande stillinga i Sjukehusapoteka Vest.
Børge Tvedt er opphaveleg frå Bergen, men har budd og arbeidd i Sunnfjord sidan 1997. Han er gift, og har to barn.

Tilsetjingsutval
- Helse Førde står framfor store utfordringar. Blant dei viktigaste oppgåvene mine blir no å sjå til at det utviklingsarbeidet som er starta opp i Helse Førde blir vidareført i samarbeid med dei tilsette, seier Tvedt.
Styret i føretaket har også oppnemd eit eige utval som skal arbeide med tilsetjing av administrerande ny direktør i Helse Førde. Dette utvalet på fem består av Helse Førde sin styreleiar Agnes Landstad, styrenestleiar Atle Hamar, Helge Bryne frå Helse Vest samt to av dei tilsettevalde styremedlemmene i Helse Førde, Hans Jacob Westbye og Wenche Kristin Røkenes.

Vil i gang kjapt
Styret har også beslutta at Helse Førde skal leige inn ekstern hjelp i prosessen med å rekruttere ny administrerande direktør.
- Vi er opptekne av å komme i gang med rekrutteringsprosessen raskast råd, og har første møte i tilsetjingsutvalet allereie i dag, seier styreleiar Agnes Landstad.
Etter endt prosess skal tilsetjingsutvalet komme med si tilråding til styret som tilset ny administrerande direktør i Helse Førde.