Budsjett 2018: vedtak etter seks timar

Etter seks timar med orienteringar, spørsmål, meiningsutvekslingar og tautrekking vedtok styret i Helse Førde budsjettet for 2018. Budsjettet for 2018 blir dermed slik administrasjonen føreslo, men med eit tilleggspunkt i sjølve vedtaket.

Publisert 15.12.2017
Sist oppdatert 02.01.2024

Tilleggspunktet kom etter at dei fire tilsette-respresentantane hadde gjort det klart at dei ikkje kunne røyste for administrasjonen sitt framlegg slik det låg føre. Dermed risikerte ein eit budsjettvedtak under dissens då styreleiar Agnes Landstad ved 16-tida fredag føreslo ein pause. Etter denne pausen hadde dei fire tilsetterepresentantane utarbeidd eit tillegg til framlegget til vedtak, som gjorde at dei kunne røyste for budsjettframlegget.

Dermed samla styret seg om dette topunkts vedtaket, der punkt 1 går på at styret vedtek det framlagde forslaget med driftsinntekter på vel 2,8 milliardar kroner og eit overskot på 28 millionar.

Det nye punkt 2 har denne ordlyden:

Styret innser at det framlagde budsjettet inneber risiko for HMS for tilsette, tenestetilbodet til brukarar og pasientar og økonomisk resultat. Styret ber difor administrerande direktør følgje konsekvensane av innsparingstiltaka nøye, særleg med tanke på HMS for tilsette og forsvarleg tenestetilbod. Styret ynskjer tett rapportering i høve konsekvensane av innspraingstiltaka i budsjettet for 2018.

- Det er uhyre viktig at vi klarer å få til eit samrøystes vedtak, særleg i den situasjonen Helse Førde er no, sa styreleiar Agnes Landstad då vedtaket var fatta.

Det vedtekne budsjettet oppfyller resultatkrava frå Helse Vest, og gjev grunnlag for at planlegginga av den omfattande utbygginga og ombygginga ved sjukehuset i Førde kan halde fram og for at bygginga kan starte i 2019.