Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Dette er dei nye ambulansebåtane

Dei nye ambulansebåtane i Helse Førde vart presenterte for styret i dag. Dei nye fartøya blir ei stor oppgradering samanlikna med dei nær 30 år gamle båtane som er i tenesta i dag.

Publisert 25.05.2021
Sist oppdatert 02.01.2024

​Helse Førde har signert avtalen med Gulenskyss AS i tråd med tilrådingane frå Sjukehusinkjøp HF, og skal vere i drift frå 1. mai 2022.
I styremøtet fortalde klinikkdirektør Tom Guldhav om eit stort arbeid som ligg bak anskaffinga, med ei lang rekke møter og utarbeiding av kravspesifikasjonar.
- Men i dag er vi svært godt nøgde med resultatet, sa Guldhav.

tre gule ambulansebåtar som ligg saman på sjøen

TRE BÅTAR: Slik blir dei to splitter nye amblansebåtane som kjem neste år. Reservebåten i midten.

Dermed vart styret også presentert for dei første bileta av fartøya. Det er snakk om to identiske ambulansebåtar av katamarantype som skal stasjonerast i Florø og Solund. Desse kan gå 32,4 knop på stille sjø, og toppfart i grovare sjø (innanfor safety level 1) er på 28,7 knop.
Det er i anbodet lagt stor vekt på sjøeigenskapane, i tillegg til ei mengd nye og meir moderne løysingar som skal forenkle og betre pasientlogistikk og pasientbehandling. Framdrifta skjer med eit vannjet-system, og båtane går berre 70 centimeter djupt i vatnet. Det er landgangar både akter og i baug.
I tillegg kjem også eit nytt reservefartøy på plass. Samla kostnad for anskaffinga er vel 21 millionar kroner.
- Når vi tenker å forventningane vi hadde då dette arbeidet starta i 2016, så meiner vi kvaliteten på det vi no får ligg langt over kva vi torde å håpe på den gangen, sa Guldhav i styremøtet.
Og styremedlemmet Ole Gunnar Krakhellen verka å vere samd:
- Dette er svært bra for befolkninga på kysten, og er vesentleg betre materiell enn dagens båtar.

Fleire bilete av fartøya:

ein gul ambulansebåt
 

to gule ambulansebåtar
 

Fartøyeigenskapar:

Toppfart i stille sjø:
Hovudfartøy Solund og Florø: 32,4 knop
Reservefartøy: 38 knop

Toppfart i grovare sjø – innanfor safety level 1:
Hovedfartøy Solund og Florø: Fart: 28,7 knop

Framkomelegheit:
Vannjet, 70 cm djup
Baugtrusther – sidepropell forut

Landgang akter og ved baug

Redning fra sjø og samhandling med helikopter er ivaretatt

Innvendige eigeskapar:

Terskelfritt, universelt utforma

Tre kvilerom for besetning

Behandlingsrom med to bårer

Lågt støynivå i behandlingsrom

Smittetransport ivaretatt

Styrhus som ivaretar samhandling i besetninga