Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Doktorgrad på fødselsdagen

Reidar Hjetland (61) forsvarte i dag si avhandling om flåttoverførte infeksjonar i Sogn og Fjordane, og fekk dermed den fødselsdagsgåva han ønskte seg aller mest.

Publisert 15.09.2017
Sist oppdatert 02.01.2024

Då komiteen frå Universitetet i Bergen trakk seg tilbake for å bedømme framstillinga og forsvaret av avhandlinga, brukte dei ikkje mange minuttane på å bestemme seg. Avhandlinga og disputasen er godkjent, og Reidar Hjetland kan konstatere at eit mangeårig arbeid no er brakt vel i hamn.

disput.jpg

GODKJENT DOKTORGRAD: Reidar Hjetland  saman med komiteen frå UIB. Frå venstre komiteleiar, professor Audun Nerland, Reidar Hjetland og så dei tre opponentane professor Harald G. Wiker (UIB), Ingeborg S. Aaberge (Folkehelseinstituttet) og ph. d. Ram Dessau (Syddansk universitet).

Og det på doktoranden sin eigen 61-årsdag.
Etter disputasen, som for første gong nokonsinne gjekk føre seg i Helse Førde, var det ei enkel mottaking i kantina på Førde sentralsjukehus. Her vart Hjetland takka for innsatsen, og fleire gav uttrykk for stor respekt for måten arbeidet er gjort på. Hjetland har ikkje tatt anna fri til forskingsarbeidet enn dei obligatoriske overlegepermisjonane, og såleis gjennomført det parallelt med arbeidet som overlege og avdelingsleiar på mikrobiologisk avdeling i Helse Førde. 
- Dette viser at det er mogeleg også for mindre sjukehus å få fram verdfull forsking, sjølv ved ei relativt lita avdeling med avgrensa ressursar, sa klinikkdirektør Olav Hesjedal under mottakinga. - Tusen takk til deg Reidar for arbeidetr du har gjort. Det er viktig for heile sjukehuset vårt.
Også fleire andre kollegar takka Hjetland for innsatsen. Til slutt måtte hovudpersonen sjølv ta ordet, og takka både komiteen, arbeidsgjevar og medarbeidarane for all hjelp og støtte undervegs.
- Og til slutt vil eg takke alle som har følgd meg desse to dagane. De har vore med på å gjere dette til ein festdag for meg, sa Hjetland.