Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Endringar i gynekologitilbodet

Budsjettframlegget for Helse Førde 2018 gjev rom for å oppretthalde dei aller fleste tilboda på lokalsjukehusa. Men det blir likevel ikkje dagar med gynekologisk poliklinikk ved sjukehusa på Eid og i Lærdal i delar av 2018.

Publisert 13.12.2017
Sist oppdatert 02.01.2024

​Bakgrunnen for dette er at overlegen som har hatt ansvaret for desse ambulerande vaktene sluttar i Helse Førde til sommaren. Gynekologen, som arbeider størstedelen av tida ved kvinneklinikken på Førde sentralsjukehus, har ambulert til Eid og Lærdal omlag ti gonger i året. På desse turane har han halde poliklinikk to dagar kvar gong, og har behandla eller undersøkt omlag ti pasientar kvar av desse reisedagane.

- Vi held eit fullt forsvarleg tilbod utan desse ambulerande vaktene med gynekologisk poliklinikk på lokalsjukehusa, seier direktør for kirurgisk klinikk i Helse Førde, Trine Hunskår Vingsnes. – Å ha eit slikt tilbod er ikkje noko krav frå helsestyresmaktene, men det er likevel eit tap for dei lokale pasientane som no må reise til Førde eller andre sjukehus for å få dette tilbodet.

Kvinneklinikken i Helse Førde skal gjennomføre ein såkalla ROS-analyse (risiko- og sårbarheitsanalyse) av situasjonen med ein gynekolog mindre, men så langt er det uvisst kor tid og lenge denne stillinga vil bli ståande vakant. Eitt av punkta i ei slik analyse vil bli kva utslag denne situasjonen vil ha på ventetider og ventelister.

Når det gjeld andre tenester som til dømes laboratorietilbodet ved dei tre sjukehusa i fylket, vi desse tenestene bli oppretthaldne og vidareutvikla i 2018. Det fylkesdekkande tilbodet innan hjarterehabilitering og eldremedisinsk poliklinikk ved Nordfjord sjukehus (NSH) blir ført vidare. Desse to tilboda har vore finansiert av midlar frå utviklingsprosjektet «Framtidas lokalsjukehus» ved NSH.