Erna ville lære om Helse Førde-system

Da statsminister Erna Solberg fekk høyre om det Helse Førde-utvikla tilbakemeldingssystemet NORSE, vart ho så interessert at ho ville komme sjølv for å høyre meir om dette verktøyet til bruk i psykiatrisk behandling. Det gjorde ho tysdag, då ho også fekk møte ein pasient som nyttar systemet.

Publisert 10.01.2017
Sist oppdatert 02.01.2024

​Etter at Helse- og omsorgsdepartementet var på vitjing og fekk høyre om systemet for ei dryg veke sidan, har NORSE tydelegvis vore tema i korridorane der.

Interessert statsminister

Dermed ønskte statsministeren å få vite meir om systemet, og tilpassa programmet deretter når ho først var i fylket tysdag denne veka.
Ein tydeleg interessert statsminister følgde nøye med under presentasjonen av tilbakemeldingssystemet. Over 40 gjester var til stades i kantina på psykiatrisk klinikk ved Førde sentralsjukehus, i tillegg til statsministerens følgje.

I tillegg til å få vite meir om NORSE, fekk statsministeren og dei andre i salen også høyre korleis Helse Førde har jobba for å bli føretaket med dei kortaste ventetidene.

Erna og Karianne Fossheim.jpg

LYTTANDE STATSMINISTER: Statsminister Erna Solberg ville gjerne høyre om pasientane har nytte av det spesielle tilbakemeldingssystemet som er utvikla i Helse Førde. Karianne Fossheim (til venstre) kunne fortelje henne om sine ganske så positive erfaringar med NORSE.  

Grafisk, dynamisk framstilling

NORSE (Norwegian Outcome Response System for Evaluation) er ei elektronisk, grafisk framstilling i pasientens journal som i eit typisk pasientforløp, utfra svar pasienten har gjeve på eit nettbrett i forkant av sjukehustimen, viser korleis pasienten har det på ulike område eller i høve ulike problem. Dette vil vise pasientens tilstand ved oppstart av behandlinga, undervegs i forløpet og tilstand etter at behandlinga er avslutta. Dette kan også bli formidla vidare til pasientens fastlege, og kan vere til stor nytte ved framtidige konsultasjonar her.

Ser heile "kartet"
- Dei elektroniske svara frå pasientane gjev oss raske tilbakemeldingar av høg kvalitet, sa Moltu. – Her får kan vi sjå heile «kartet» over kva pasienten strir med, ikkje berre enkeltdiagnosar, og vi kan tydeleg sjå korleis tinga utviklar seg over tid. 
Også pasientane har nytte av å få eit såpass eksakt og dynamisk «problemkart» som det NORSE kan levere.

God hjelp for Karianne
Statsministeren fekk møte 26-årige Karianne Fossheim etter presentasjonen i plenum. Karianne har vore gjennom ein utfordrande livssituasjon, søkte hjelp hjå psykisk helsevern og er no i sluttfasen av behandlinga. Ho fortalde at ho som pasient har hatt godt utbyte av å bruke NORSE-systemet, og at det gjev også henne eit godt oversyn over problemstillingane og utviklinga over tid.
 
Ved bruk av NORSE blir pasientane bedne om å møte opp litt i forkant til sjukehustimen, og på eit nettbrett kan dei svare på ei rekke spørsmål rundt korleis dei har det og kva behov dei har knytt til behandlinga. Kvar pasient er sikkert pålogga.

Første i landet

Opplegget er utvikla i regi av psykatrisk klinikk i Helse Førde, og er det første i landet i sitt slag.
Spørsmåla og tema på det elektroniske skjemaet er mykje dei same som pasienten elles samtalar med behandlaren om. Skilnaden er at resultata kan framstillast for pasienten og behandlaren i form av grafiske, oversiktlege figurar, og at behandlingsforløpet vidare kan justerast deretter. Data blir sikrare og kan enklare kan overførast elektronisk inn i journalen. Denne dokumentasjonen blir dermed også lettare tilgjengeleg som data i forskingssamanheng.
- Vi meiner at systemet vil opne for betre pasientmedverknad i behandlinga, og at det vil vere med på å jamne ut maktforskjellane som ligg der i møtet mellom behandlar og pasient, seier Moltu.