Får folk i arbeid
På litt over eitt år har personar som er med i jobbstøtteprosjektet ved Nordfjord psykiatrisenter (NPS) starta i jobb 38 gonger. Halvparten av deltakarane i prosjektet er no i vanleg løna arbeid.
Tiltaket starta i juni i fjor.
- Resultatet er veldig bra, men vi skal nå endå høgare, sa jobbspesialist Ingrid Hjelle då ho i går ettermiddag orienterte statsminister Erna Solberg om prosjektet.
Målet med prosjekt jobbstøtte er å få menneske som slit med rus og andre psykiske plager ut i løna arbeid. Prosjektet er eit samhandlingstiltak mellom psykiatritenesta, NAV og seks kommunar i Nordfjord.
Sjå ressursar i samanheng
- Om det er ein ting eg ønskjer, er det at vi her i Nordfjord skulle bli kjende for evna til å sjå ressursane i kommunane og spesialisthelsetenesta i fellesskap, sa avdelingssjef Trond Aarre ved Nordfjord psykiatrisenter.
Prosjektet hjelper folk til å komme i løna arbeid ved å integrere behandling og jobbstøtte. To tilsette jobbspesialistar støttar deltakarane i arbeidet med å få jobb, hjelper til undervegs og trer støttande til dersom jobbskifte kjem på tale.
- På den måten er det mange som lukkast i arbeidslivet, sa Hjelle, ein av dei to jobbspesialistane.
Livet blir betre
Både forsking og erfaring viser at folk får det betre, har mindre plager og at det blir færre reinnleggingar av å vere i jobb, til trass for alvorlege diagnosar.
- Kan folk med alvorlege psykiske plager eller store rusvanskar jobbe? spurde Hjelle. Og svarde sjølv:
- Ja, det kan dei så absolutt. Men det kan vere vanskeleg å manøvrerere i arbeidsmarknaden, og det hjelper vi dei med.
Interessante tal
I berre åtte av dei 38 tilfella der vi har fått menneske ut i jobb, har bedriftene fått lønstilskot i ein kort periode. Eit slikt tilskot inneber at arbeidsgjevar får sponsa litt av løna.
- Det er svært interessante tal i forhold til at vi har vore vane med at næringslivet får sponsa ganske mykje frå NAV for å ta inn litt «usikre kort».
Som avslutning fekk statsministeren møte Frank Gjerde, ein av dei som har kome i jobb med hjelp av prosjektet. Her kan du lese saka NRK Sogn og Fjordane laga om dette møtet.