Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fleire fødde i 2017

937 nye babyar kom til verda i Sogn og Fjordane i fjor. Dette er høgaste fødselstalet i Helse Førde sidan 2012.

Publisert 10.01.2018
Sist oppdatert 02.01.2024

​- Det er svært gledeleg at fødselstalet gjekk opp i fjor. Vi håpar dette held fram, seier avdelingssjef for Kvinneklinikken i Helse Førde, Tom Guldhav.

I 2012 vart det fødd 1 000 barn i fylket. I åra etterpå har fødselstalet lagt rundt 900.

Her finn du fødselstala seks år tilbake:

  • 2017:    937
  • 2016:    891
  • 2015:    897
  • 2014:    910
  • 2013:    882
  • 2012:  1000