Framtidas laboratorium i Helse Førde
- Viktige analysemaskiner for blodprøver skal skiftast ut i nær framtid, og i denne samanheng er det naturleg å vurdere ulike grader av automasjon, fortel Marianne Kleppe Nordal.
Nordal si arbeidsoppgåve er prosjektstøtte for ei prosjektgruppe som no arbeider med vidareutvikling av laboratoria i Helse Førde.
Ho fortel at det er mange omsyn dei må ta når dei skal velje automasjonsløysing. Auke i prøvemengde, investeringskostnad, svartid på prøvene, tilgang på personell, og arealbehov er nokre av desse.
Betre for pasienten
- Målet er først og fremst å redusere svartider, noko som betyr raskare diagnostisering og behandling av pasientane. Endeleg tilråding til laboratorie i "Nye Førde sjukehus" blir levert styringsgruppa for prosjektet før sommarferien, fortel Nordal.
Eit av mange tiltak som prosjektgruppa har sett på er automatisering av laboratorieprøver. Automasjon skjer innanfor alle laboratoriefaga, men det er først og fremst innan medisinsk biokjemi og analysering av blodprøver at utviklinga er komen lengst. Ved hjelp av høgteknologiske robotar, analysemaskiner tilkopla transportband og IT-system er det no mogleg å automatisere heile prosessen frå blodprøva er teken til det ligg føre svar hos rekvirerande lege.
Pasientens helseteneste
Prosjektet Radiologi og laboratoriefag er ein del av Pasientens helseteneste. Dei arbeider med vidareutvikling av drifta for laboratoriefaga og radiologi, i tillegg til å gje innspel kring dei arealmessige behova til dei same fagområda i bygginga av Nye Førde sjukehus.
Leiar for prosjektgruppa er Børge Stavland ved radiologisk avdeling i Helse Førde.