Grøn beredskap i Helse Førde
Ekstremvêret Urd gjer at det er sett grøn beredskap i Helse Førde. Dette inneber at føretaket har ein uavklara situasjon som kan kome til å krevje ekstraordinære tiltak og ressursar.
I våre område er det verste vêret venta i tidsommet mellom klokka 18 og 20 i dag, andre juledag.
Det kraftige lågtrykket vil første treffe mellom Ålesund og Kristiansund, men det er venta at sterkaste vinden kjem sør for dette området. Middelvinden sør om Stad er meldt å vere full storm og til dels sterk storm i utsette område.
Stormsenteret vil skape vanskar både langs kysten av Sogn og Fjordane og innover i fjordane. Uvêret kan gje trefall over både vegar og linjenett.
Beredskapsleiinga i Helse Førde har bedt avdelingane bu seg på at det kan oppstå vanskar med transport til og frå sjukehus for så vel pasientar som tilsette. Avdelingane er oppmoda om å finne gode løysingar lokalt i høve eventuell omrokkering av vakter grunna bortfall av vegsamband m.m. AMK og ambulansetenesta er tett på pasienttransport, og har gjort tiltak for å avgrense tal transportoppdrag. Ambulansetenesta har styrka fleire av stasjonane med reservebilar og ekstra mannskap på jobb.
Satelittsamband er testa og fungerer på institusjonane. Vidare har alle sjukehus naudnettradioar og kontrollrom.