Hamar nestleiar i Helse Førde-styret
Styret i Helse Vest oppnemnde i dag Atle Hamar (53) som ny nestleiar i styret for Helse Førde.
Publisert 16.12.2016
Sist oppdatert 02.01.2024
FOTO: VEGARD FIMLAND FOTOGRAF / LOTTERI- OG STIFTELSESTILSYNET.
Hamar tek over etter Agnes Landstad, som no er konstituert styreleiar i Helse Førde.
Hamar er frå Vassenden i Jølster. Han har mellom anna vore politisk rådgjevar i to departement, statssekretær og distriktsarbeidssjef i Indre Sunnfjord. Sidan 2000 har Atle Hamar vore direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.