Helse Førde har fått to professorar
For første gong har Helse Førde professorat. Når det først skjedde, blei det ikkje mindre enn to professorar: Christian Moltu og John Roger Andersen.
John Roger Andersen har blitt professor ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Førde og Helse Førde, der han har hatt heile si imponerande forskingskarriere.
- Det er sjølvsagt svært hyggeleg å bli vurdert som professorkompetent av ein internasjonal komité som består av anerkjende fagfeller, seier John Roger.
Sjukepleie
Andersen er fødd i Balestrand. Han starta med bachelorgrad i sjukepleie ved Sogn og Fjordane sjukepleiehøgskule, og tok etter kvart mastergrad innan same emnet ved Universitetet i Bergen. Doktorgraden tok han i Bergen, men det var i forskingsmiljøet ved Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet han la grunnlaget for ei svært innhaldsrik forskingskarriere.
Den nybakte professoren understrekar viktigheita av dyktige og kompetente kollegaer.
- Hadde aldri trudd
- For ei stund sidan trefte eg ein av mine gamle lærarar frå oppveksten i Balestrand. Han gratulerte meg og la til at dette hadde han aldri trudd! Eg måtte berre trekke på smilebandet og seie meg heilt einig. Men det fekk meg til å tenke over kor viktig det er å treffe rett med utdanning og yrkesval, og kor viktig det har vore for meg å bli «spelt» god av andre (både privat og i jobbsamanheng) som eg har møtt på min veg.
Hovudstillinga hans er ved avdeling for helsefag, Høgskulen på Vestlandet. Han underviser både på bachelor- og masterutdanninga, samt at han har rettleiaransvar for lokale PhD-kandidatar. I tillegg arbeider han som forskingskoordinator i Helse Førde. Stillinga er organisert i Senter for helseforskning der han er gruppeleiar for "Folkehelse, livsstil og overvekt".
Høgare nivå
- For meg er professortittelen først og fremst eit godt verktøy for å kunne bidra til endå betre forsking, utdanning og helsetenester som også styrker det samla miljøet rundt Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde. Altså vil eg halde på med mykje det same som før, men vonleg på eit høgare nivå. Og skulle eg bli for opptatt av professortinga mine, så har eg heldigvis folk rundt meg som seier i frå. For som dei seier i Angedalen, gi no mannen ein hammar!, avslutter han.
Forskar og psykologspesialist Christian Moltu har også blitt professor ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Førde og Helse Førde.
Christian Moltu har ein allsidig bakgrunn frå siviløkonomstudiet på Norges Handelshøyskole, profesjonsstudiet i psykologi ved Universitetet i Bergen, doktorgrad og omfattende publikasjonar i velakta, internasjonale tidsskrift samt mange års erfaring som spesialist i klinisk vaksenpsykologi.
Påverke
Han har klare visjonar for framtida:
- Å byggje opp forskingsmiljø kjennest viktig. Kompetanse og stilling som professor gir kanskje også nokre nye moglegheiter. Å sitje i panel og komitéar som vurderer tildelingar og å få påverke forskingspolitikk, er oppgåver eg håpar det kan verte fleire av framover.
NORSE
Moltu leiar forskningsgruppa «Psykisk helsevern og rus» ved Senter for helseforsking som mellom anna fokuserer på samarbeidet mellom behandlar og pasient. Han leiar også utviklinga av det kliniske verktøyet Norwegian Outcome Response System for Evaluation (NORSE) som har fått stor nasjonal og internasjonal merksemd. Moltu ser moglegheitane i professortittelen for å utvide aktivitetane i forskingsgruppa og tiltrekke fleire forskarar.
- Å søkje etter forskingsmidler, prøve og skaffe forskingsstipend for andre, og det å leie større prosjekt med fleire forskarar involverte, er ei viktig arbeidsoppgåve. Dette må ein nok gjere meir av i stillinga som professor, også fordi fleire av dei som finansierer forsking nettopp legg vekt på at det er nokon med slik kompetanse som står som søkjarar for prosjekt. Men forskingsleiing er både kjekt, og kjennest viktig.