Ikkje nye rundar med gransking

Styret i Helse Førde stemte i dag ned eit framlegg om ei ny, ekstern gransking av uroa som har vore i Helse Førde de siste halvåret. No ber styret heile organisasjonen om å legge denne striden bak seg, og heller bruke energi og krefter på dei store utfordringane som kjem.

Publisert 28.04.2017
Sist oppdatert 02.01.2024

​Styret fekk først høyre ein av forfattarane bak den opphavelege rapporten, advokat Torkel Tveit, svare ut ankepunkta som Norsk overlegeforening og Yngre legers forening kom med i sitt tilsvar til rapporten.
Stod ved konklusjonane
Tveit stod ved sine konklusjonar i rapporten, og kunne berre konstatere usemje med legeforeiningane på fleire punkt.

Bolstad og Landstad.jpg
GÅR VIDARE: Administrerande direktør Jon Bolstad og styreleiar Agnes Landstad på dagens styremøte, der styret sa seg ferdig med behandlinga av rapporten frå Stenstrup Stordrange og AFF.

Under avrøystinga stod dei fire tilsetterepresentantane i styret aleine om å støtte eit framlegg som innebar at styrevedtaket om granskingsrapporten i januar må kjennast ugyldig, og at ei ny ekstern gransking skulle sjå på heile sakskomplekset, inkludert styret si handsaming av saka.
Fleirtalet vedtok deretter det opphavelege framlegget til vedtak, der dei tre punkta lyder som følgjer: 
Vedtaket
1. Styret tek dokumentet "Tilsvar til rapport til styret i Helse Førde" frå Norsk overlegeforening og Yngre legers forening, datert 23.03.2017, til orientering.
2. Styret viser til det samrøystes vedtaket i styresak 5/17 og oppfølging av lærings- og utviklingspunkta, samt løpande arbeid med å nå faglege og økonomiske mål for foretaket.
3. Målet med omstilling og utvikling i Helse Førde er å sikre innbyggarane trygge og moderne tenester med høg kvalitet. Det krev konstruktivt og respektfullt samarbeid om tenestene der alle spelar på lag, og breidda av kompetanse i organisasjonen vert nytta i ein open kommunikasjon. Dette arbeidet vert vidareført med brei involvering i organisasjonen slik at Helse Førde også i framtida fyller forventningane til tenestene frå brukarane og eigarane.
Legge uroa bak seg
Etter avrøystinga tok fleire av styrerepresentantane ordet og gav uttrykk for at ein no har hatt ei grundig handsaming av rapporten og det som skjedde under arbeidet med omorganisering i fjor sommar og haust, og at ein no må legge dette bak seg. Fleire peika på dei store utfordringane som ligg framfor organisasjonen, og meinte at alle no må arbeide saman for å møte desse. Tilsetterepresentant Hans Jacob Westbye sa seg samd i dette, men meinte at ein må gå nye rundar for å klare opp i det som har skjedd. 
- Vi må ha eit godt fundament å bygge på før vi går vidare. Eg er uroa, for det er så mykje som ligg uløyst, sa Westbye.
Sjå framover
Fleirtalet i styret slutta seg likevel til det opphavelege framlegget til vedtak, og styreleiar Agnes Landstad uttrykte etterpå forståing for dei som følte uvisse og uro i samband med omorganiseringsarbeidet som vart starta i fjor. Likevel mana ho organisasjonen om å legge dette bak seg no, og samle kreftene om det som kjem.
- Å følgje opp rapporten og byggje tillit er eit møysommeleg arbeid som tek tid, sa ho. – Men no er det gått tre månader sidan styret behandla rapporten. Vi er godt i gang med forbedringsarbeidet, slik administrerande direktør har orientert om her i dag. No må vi sjå framover, ta dei utfordringane som ligg framfor oss, og bruke kreftene og energien på det.