Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Klart for Erfaringskonferansen 2017

Konferansen vart ein stor suksess for to år sidan. No har du igjen sjansen å utveksle erfaringar på tvers av organisasjonar og nivå i helsetensta!

Publisert 16.01.2017
Sist oppdatert 02.01.2024

For å drøfte tilgjengeleg styringsinformasjon, erfaringar og forbetringspunkt, inviterer vi deg til ny erfaringskonferanse etter suksessen for to år sidan ! Set av 2. og 3. februar til fagleg påfyll og møte med flinke kollegar på Skei i Jølster.

Program og påmelding.pdf

Innhaldet på konferansen vil vere tett knytt til praksis, og vere relatert til vekslinga mellom spesialist- og kommunehelsetenesta. Ein vil freiste å sjå nærare på korleis gjeldande samarbeidsavtalar og rutinar fungerer i den praktiske kvardagen. Målgruppa er leiarar og tilsette både i første- og andrelinjetenesta som har sin arbeidskvardag i dette «samhandlingsrommet».