Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kontroll med smitteutbrot

Utbrotet av norovirus ved Førde sentralsjukehus er under kontroll.

Publisert 26.03.2018
Sist oppdatert 02.01.2024

Fleirtalet av dei i overkant av 20 pasientane som har vore innlagt smitta med norovirus, influensa eller ein k​​ombinasjon av begge delar, er no uskrivne. Berdskapen er avslutta, få pasientar er smitta og sjukehuset er i normal drift.

Besøkande er v​​​elkomne. Helse Førde ber likevel om at alle viser god handhygiene.

Ingen av pasien​tane som har vore innlagt på grunn av virussmitte har vore alvorleg sjuke. Det blei likevel sett i verk ei rekkje tiltak før helga for å unngå smittespreiing. Situasjonen er no rekna å vere under kontroll, og fleire av tiltaka som vart sett i verk før helga er no oppheva. Mellom anna opnar sjukehuset att for nødvendig besøk til pasientar. Det vert understreka at det er viktig med god handhygiene.