Lån til sjukehusutbygging på plass
Det bebuda lånet på 1,125 milliardar kroner til utbygging og ombygging ved Førde sentralsjukehus er trygt på plass i regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett som vart lagt fram i dag.
- Helseføretaka har eit stort samfunnsansvar, og regjeringa legg med dette til rette for at føretaka kan gjere nødvendige utbyggingar til det beste for pasientane, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie i ei pressemelding på departementet si heimeside.
Pasientens helseteneste
I innleiinga i Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjettkapittel heiter det mellom anna at målet for regjeringa er å skape pasientens helseteneste. Alle skal ha tilgang til likeverdige helsetenester av god kvalitet. Gjennom auka løyvingar, klare prioriteringar og nye løysingar viser regjeringa at den prioriterer helse- og omsorgstenestene. Målet er å sikre at einkvar skal ha tryggleik for at gode offentlig finansierte helsetenester er der når ein treng det.
1,125 milliard fram til 2025
Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) sitt samla budsjettforslag er om lag 189,9 mrd. kroner. Dette er fordelt med 158,4 mrd. kroner på programområde 10, Helse og omsorg, og 31,5 mrd. kroner på programområde 30, Stønad ved helsetjenester.
HOD sitt kapittel 2.3 omhandlar lån til sjukehusinvesteringar. Her foreslår regjeringa å gje lån på til saman 363 millionar kroner til fire nye store byggeprosjekt i 2017. Dette gjeld, sitat frå budsjettframlegget:
- 80 mill. kroner til nytt psykiatribygg ved Sørlandet sykehus, med en låneramme på 567 mill. 2017-kroner, som utbetales i perioden 2017–2020.
- 175 mill. kroner til nytt sykehus i Stavanger, med en låneramme på 5 930 mill. 2017-kroner, som utbetales i perioden 2017–2023.
- 18 mill. kroner til oppgradering av sykehuset i Helse Førde, med en låneramme på 1 125 mill. 2017-kroner, som utbetales i perioden 2017–2025.
- 90 mill. kroner til oppgradering av sentralblokka ved Haukeland universitetssjukehus i Helse Bergen, med en låneramme på 370 mill. 2017-kroner, som utbetales i perioden 2017–2020.