Mange er utskrivne etter brannen i Fjærlandstunnelen
Dei fleste av dei 13 pasientane som natt til tysdag blei lagt inn på Førde sentralsjukehus etter brannen i Fjærlandstunnelen, er no utskrivne frå Førde sentralsjukehus. Alle hadde lettare røykskader.
Alle dei 13 hadde pusta inn røyk i Den dramatiske tunnelbrannen.
Pasientane låg tysdag inne til observasjon, og i løpet av dagen kunne alle bortsett frå to skrivast ut. Dei to siste skal etter planen ligge til observasjon fram til onsdag.
Pasientane, som alle er i 20 - 30-åra, sat i fleire bilar som kjørte bak ein ledebil i tunnelen. Ein dryg kilometer inne frå Jølstersida støtte dei på røyk frå brann i eit større kjøretøy som arbeidde der inne. Alle kom seg ut til fots under kaotiske tilhøve med tilnærma null sikt.
Helse Førde sette beredskap og rykte ut med seks bilambulansar, redningshengar og luftambulanse då brannen i Fjærlandstunnelen vart meldt seint om kvelden 2. påskedag. Også redningshelikopteret i Florø deltok.
I tillegg til ekstra mannskap i ambulansetenesta og på AMK, blei det det også kalla inn ekstrapersonell i akuttmottaket, laboratoriet, sentralbord og kjøkkenet. Også psykososialt kriseteam blei mobilisert.