Minneord Olav Bøyum
Olav Bøyum gjekk bort 1. oktober 97 år gammal.
Som overlege og avdelingssjef nytte Olav Bøyum stor respekt blant kollegaer og tilsette i sjukehuset. Han var ein dyktig lege med stor kunnskap både medisinsk og menneskeleg. Han var jordnær og opptatt av å lytte til korleis pasientane hadde det, det var viktigare enn berre å tolke ulike prøvesvar. I tillegg til den faktiske kunnskapen han bidrog med, var hans væremåte i forhold til pasienten viktig og nyttig lærdom for både for yngre kollegaer og for anna helsepersonell.
Olav Bøyum var ein varm forkjempar for bygging av sentralsjukehus i Sogn og Fjordane. Sjukehusstriden i dette fylket varte i mange år og motsetningane mellom ulike aktørar var sterke. Olav Bøyum såg kor viktig det var å byggje eit fullverdig sentralsjukehus der innbyggjarane i Sogn og Fjordane skulle ha tilgang til sjukehustenester slik ein hadde i andre fylke.
Olav Bøyum har lagt ned eit omfattande arbeid med å skrive om sentralsjukehuset og sjukehusutbygginga i Sogn og Fjordane. I eit 270 siders dokument gjev han ei samla historie over vedtak og drøftingar i organisasjon og politiske fora og med tillegg av hans meiningar og kommentarar undervegs. Dette dokumentet var ferdig i 2004.
Maleri av Olav Bøyum, måla av Jan Th. Njerve, heng i dag i auditoriet i Sentralsjukehuset. Det viser personen som gjennom sitt virke har gjort ein stor innsats for helsetenesta i Sogn og Fjordane.
Vi lyser fred over Olav Bøyum sitt minne.
For Helse Førde
Børge Tvedt, konst. adm.dir.